Blindheim/Emblem - Sunnylven
Sunnylven tapte stort i sin andre kamp i vinterserien, 6-3 mot Blindheim/Emblem. Tonny Åsen scora alle tre måla for Sunnylven i ein kamp som viste at laget har ein del å rette på, spesielt defensivt. Til tross for tapet er der ein del positivt og jobbe vidare med også.
Kampen opna dårleg for Sunnylven, laget vart pressa bakover av eit aggresivt Blindheim-lag.
Utteljinga lot ikkje vente på seg, Blindheim utnytta slett forsvarsspel og laga 1-0 allereie etter fem spelte minutt.
Sunnylven kom seg ikkje etter denne kalddusjen, og forsvaret hadde til tider nok å gjere mot Blindheim sitt angrep.
Det vart både 2-0 og 3-0 før Sunnylven fekk si redusering rett før pause, Tonny Åsen scora sikkert etter eit flott Sunnylvs-angrep.

Etter pause var Sunnylven innstilt på å rette opp inntrykket fra 1.omgang, men det var Blindheim som scora to tidlege mål i denne omgangen også. Siste halvtimen vart Sunnylven sin, mange gode angrep, mykje fint spel, godt defensivt og to flotte mål.
Tonny Åsen reduserte to ganger, det første etter godt angrepsspel og det andre på heading etter godt slått frispark. Likevel vart det Blindheim som fekk score kampens siste mål då dei sette eit frispark direkte i mål på overtid. Dermed så vart det eit 3-6 tap for Sunnylven denne gangen.

Det positive med kampen er at Sunnylven scorer tre mål, laget virker bra trent og har ein brei og god stall. Sjølv om fire spelarar var ute i forhold til sist kamp, så var 17 mann i aksjon i helga.

To nye debutantar denne gongen, Jarl Eirik Frøysa (attende til Sunnylven frå Stranda) og Henning Nydahl (FK Sykkylven).

Neste oppgåve for Sunnylven er kamp mot Sæbø fredag 12.mars (om veret tillet kamp) på Hellesylt, neste kamp i vinterserien er laurdag 20.mars mot Ellingsøy.
Kampfakta
Blindheim/Emblem - Sunnylven: 6-3 (3-1)
Herd kunstgras
6. mars 2004 14:00
Vinterserien 2004

Tilskodarar: Ukjent antal

Domar: Hans J. Finnsæther, AaFK
Mål
Blindheim/Emblem
Lagoppstilling manglar
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Alle møter:
20.08.2009 Blindheim - Sunnylven 6-0 (5-0)
07.05.2009 Sunnylven - Blindheim 1-4 (1-2)
03.03.2007 Blindheim 2 - Sunnylven IL 4-0 (2-0)
25.11.2006 Blindheim 1 - Sunnylven 4-4 (0-0)
06.07.2006 Blindheim - Sunnylven 4-0 (2-0)
20.04.2006 Sunnylven - Blindheim 1-4 (1-3)
25.09.2004 Sunnylven - Blindheim/Emblem 3-2 (0-1)
13.06.2004 Blindheim/Emblem - Sunnylven 9-1 (3-1)
06.03.2004 Blindheim/Emblem - Sunnylven 6-3 (3-1)
20.08.2003 Blindheim/Emblem - Sunnylven 0-4 (0-2)
14.05.2003 Sunnylven - Blindheim/Emblem 2-0 (0-0)
27.09.1998 Blindheim - Sunnylven 2-8 (1-6)
27.06.1998 Sunnylven - Blindheim 4-1 (0-0)
24.08.1994 Sunnylven - Blindheim 6-2 (3-2)
29.05.1994 Blindheim - Sunnylven 7-1 (0-0)
11.08.1993 Sunnylven - Blindheim 1-1 (0-0)
05.05.1993 Blindheim - Sunnylven 1-3 (1-1)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven