Heimelaget kjempa som løvar i håp om nye poeng, og opprykk frå botnplassen, men det butta imot det siste kvarteret. Då skora Sunnylven tre mål og vann kampen 4-1.
Spelemessig vart det ei heller dårleg forestilling, men det får banedekket ta ein del skuld for. Sjølv om bana vart vatna før kamstart var det knallhardt.
Aksla var fårlege fyrste del av fyrste omgang, etter 13 minutt redda sunnylvsspelar på streken. Ny stor sjanse noterte vi til heimelaget fem minutt seinare. Også Sunnylven burde ha fått utteljing, det var skot i stonga, like utanfor, eller rett på keeper som han slo til corner. At Sunnylven gjekk til pause med 1-0 leiing, var fullt fortent.
Andre omgang starta omlag som fyrste, og etter 69 minutt utlikna Aksla. Mot slutten av kampen dominerte Sunnylven meir og meir, og gjorde tre mål dei siste 13 minutta.
Alle Sunnylven sine mål kom på dødballar. Det fyrste etter corner som Alf Ole Sundgot stanga i mål, det andre på straffespark ved Tonny Åsen etter at Alf Ole Sundgot vart reven over ende. På frispark frå Kalle Hjelle beina Olav Åge Åsen inn det tredje, og Henning Nydahl brukte pannebrasken på det fjerde, ein corner lagt av Kalle Hjelle.
Sunnylven sløsa med sjansane i denne kampen, og heldt på å bli straffa for det. Men denne gongen var det vilje i laget, og det gav utteljing i tre nye poeng og andre plass på tabellen.
Søndag ventar eit nytt storoppgjør på heimebane. Då kjem HaNo, ein av opprykksfavorittane, til Hellesylt stadion.
Aksla - Sunnylven
Sunnylven var vårblomsten som heldt på å visne i ørkensanden på Ratvik grusbane då laget møtte Aksla.
Kampfakta
Aksla - Sunnylven: 1-4
(0-1)
Ratvika grus
3. juni 2004 19:00
Treningskamper 2004
Tilskodarar: 15
Domar: Rolf Jarle Eldevik, Ellingsøy IL
Assistentdomarar: Birger Skårsmoen, Alvdal IL og Birger Breivik, Volda TI
Mål
Aksla
Sunnylven
Votering
Votering
Korleis går det i bortekampen mot Aksla?
| Siger |
| 83% |
| Uavgjort |
| 2% |
| Tap |
| 15% |
Antall stemme:: 54
Alle møter:
03.06.2004 Aksla - Sunnylven 1-4 (0-1)
17.08.1999 Aksla - Sunnylven 0-3 (0-1)
13.05.1999 Sunnylven - Aksla 0-2 (0-1)


