Sykkylven - Sunnylven
Sunnylven har berre vunne ein gong over Sykkylven dei siste 10 åra, og i utgangspunktet burde 3.-divisjonslaget være favorittar i denne kampen og.
Kampen begynte med veldig høyt tempo på den harde grusbana, noko som førte til at ballen spratt litt uvant for sunnylvingane. Sykkylven hadde mest spel, men gjestane forsvarte seg godt og la og eit sterkt press på forsvaret til heimelaget når dei hadde ballen.
Sunnylven holdt stand og Sykkylven klarte ikkje å få ballen i mål, men ein stor sjanse resulterte i annullert mål på grunn av offside.
Etter knapt halvtimen fikk Sunnylven utteliing offensivt. Midtbana til Sunnylven spelte flott mellom seg og Hans Kristian Stadheim fekk ballen foran forsvaret, tok ballen med seg mot venstre og skaut frå 16-meteren rett i nota.

Sterkt å vinne
Andre omgang blei meir periodevis, då heimelaget tydeleg satte inn hardare press, men sunnylvingane sto i mot og kjempa knallhardt. Etter 19 minutt ut i omgangen vann Tonny Åsen ein viktig duell på høgrekanten, spelte fint gjennom til Alf Ole Sundgot som gjekk rett på mål og auka leiinga til 2-0.

Begge lag produserte sjansar og jobba hardt, noko som til slutt gav uttelling for heimelaget. Kommunikasjonssvikt førte til at tre sunnylvsspelarar gjekk på ballen samtidig og vart uvisse, og då nytta ein sykkylving høvet til å redusere, tre minutt før full tid.

Domartrioen gjorde ein god jobb og ga eitt gult kort til Sunnylvens Hans Kristian Stadheim.
Kampfakta
Sykkylven - Sunnylven: 1-2 (0-1)
Aure grus
6. april 2004 18:15
Treningskamper 2004

Tilskodarar: 50

Mål
Sykkylven
Lagoppstilling manglar
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Alle møter:
10.10.2009 FK Sykkylven - Sunnylven 6-1
25.06.2009 Sunnylven - FK Sykkylven 3-5 (0-3)
26.03.2009 Sunnylven - Sykkylven 2 8-3 (5-0)
18.05.2008 Sykkylven 2 - Sunnylven 2-2 (1-1)
02.04.2007 Sunnylven IL - Sykkylven 2 10-0 (5-0)
25.02.2007 Sykkylven 2 - Sunnylven IL 5-2 (1-1)
06.04.2004 Sykkylven - Sunnylven 1-2 (0-1)
16.04.2003 Sunnylven - Sykkylven 3 2-2 (2-0)
13.04.2002 Sykkylven - Sunnylven 1-0 (0-0)
16.04.1997 Sunnylven - Sykkylven 7-2 (1-1)
05.10.1996 Sykkylven - Sunnylven 5-2 (1-0)
30.06.1996 Sunnylven - Sykkylven 1-5 (1-2)
05.02.1995 Sykkylven - Sunnylven 7-5 (4-1)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven