Sunnylven fekk ei god opning på kampen, med to raske mål og dermed 2-0 leiing før 15 min var spelt. Tonny Åsen sette straffesparket i mål etter felling av Hans Kristian Stadheim og Vidar Even Leite netta rett etter og auka leiinga.
Laget hadde i denne kampen eit heilt nykomponert forsvar, og etter litt startproblem spelte alle fire seg varme og klarte seg godt.
Likevel hadde Stordal nokre farlegheiter i 1. omgang, der Sunnylven måtte redde på strek og ha hjelp av tverrliggaren for å halde buret reint til pause. Store sjanser var det på motsatt halvdel også, og kun udyktigheit og litt utur gjorde at Sunnylven ikkje scora meir. Tonny Åsen hadde også sjansen på nok eit straffespark, men denne gongen redda Stordalskeeperen.
Rett før pause fekk Stordal utvist ein spelar etter to fellingar og to gule kort.
2.omgang vart eit langt angrep mot Stordalsmålet, mange sjanser vart skapt, mange avslutninger vart gjort og mange redninger på strek og av keeper vart gjort.
Faktisk var det Stordal som scora først i 2.omgang, eit frispark var halvklarert og Robert Vidhammer kunne enkelt redusere til 2-1. I løpet av dei neste minutta punkterte Sunnylven kampen heilt, to raske mål og Stordal var igjen sjanselause på poeng.
Først Tonny Åsen og deretter Ole Arnstein Ringdal scora måla etter gode angrep frå Sunnylven.
Sjølv om kampen egentlig var over, så putta Sunnylven to gongar til ved Vidar Even Leite og Tonny Åsen. Sluttresultatet 6-1 var ikkje eit mål for mykje, men tross alt ein solid siger og ei fin avslutning på ei god sesong.
Sunnylven - Stordal
Sunnylven avslutta sesongen på ein verdig måte med siger 6-1 mot Stordal. Laget enda dermed på ein flott 4.plass i årets 4.divisjon
Kampfakta
Sunnylven - Stordal: 6-1
(2-0)
Hellesylt stadion
9. oktober 2004 15:00
Serien
Tilskodarar: 60
Domar: Bjarte Steinsbu, Brattvåg IL
Assistentdomarar: Atle Hole, VRF og Hans J. Finsæther, AaFK
Mål
Sunnylven
Stordal
Votering
Votering
Korleis går det i siste kamp heime mot Stordal?
| Siger |
| 71% |
| Uavgjort |
| 0% |
| Tap |
| 29% |
Antall stemme:: 21
Alle møter:
04.08.2010 Stordal - Sunnylven 8-3 (3-1)
07.04.2009 Stordal - Sunnylven 1-7 (0-4)
07.03.2009 Sunnylven - Stordal 3-2 (2-0)
12.04.2008 Stordal - Sunnylven 0-1 (0-1)
09.08.2007 Sunnylven - Stordal 3-4 (0-3)
03.05.2007 Stordal - Sunnylven 6-0 (4-0)
11.03.2006 Sunnylven - Stordal 0-3 (0-0)
21.03.2005 Sunnylven - Stordal 3-3 (1-1)
09.10.2004 Sunnylven - Stordal 6-1 (2-0)
25.06.2004 Stordal - Sunnylven 1-4 (0-1)
26.09.1999 Stordal - Sunnylven 2-3 (2-1)
26.06.1999 Sunnylven - Stordal 3-1 (0-0)
23.01.1999 Sunnylven - Stordal 5-2 (3-0)
21.02.1997 Sunnylven - Stordal 4-0 (1-0)
16.05.1996 Stordal - Sunnylven 4-1 (3-0)


