Sunnylven - Blindheim/Emblem
Tonny Åsen ordna siger til Sunnylven i toppkampen mot Blindheim/Emblem på Hellesylt stadion laurdag. Tre minutt før full tid gav han laget leiinga 3-2 som heldt seg kampen ut.
Kampen på Hellesylt stadion vart ikkje av dei mest velspela, men sigeren til heimelaget var like fullt fortent, og populær.

Laga gjekk til pause med Blindheim/Emblem i føringa 1-0, ei heldig leiing etter rot i sunnylvsforsvaret. Litt av skulda for blunderen får ei glatt og haustblaut, men likevel god grasbane, ta skulda for. Skoringa kom alt etter seks minutt, ved Lars Andreas Vegsund, som skora sikkert mot ein utspela Kåre Bjørnes i mål.

Begge laga hadde sine halsjansar ut over i fyrste omgang, det vart mykje med resultatlause innkast og hjørnespark for heimelaget. Dermed 1-0 til gjestane ved pause.

Skrudde opp tempoet
I andre omgang synte heimelaget seg frå ei betre side, tempoet vart skrudd opp, det var meir aggresivitet i duellane og Blindheim/Emblem vart trykt meir bakover enn i fyrste omgang. Til slutt måtte dei ty til spel utanom regelboka innafor straffefeltet for å stogge Bård Forbord. Straffesparket sette Tonny Åsen sikkert i mål. Då steig stemninga mange hakk mellom dei 110 betalande på tribuna, sjølv om mange tilreisande håpa på bortesiger.

Serieleiaren gav ikkje opp jakta på alle poenga, og etter 70 minutt ordna Kristoffer Morterud 2-1 til bortelaget. Tre minutt seinare var det balanse igjen. Jens Arve Forbord kom seg fri på venstrekanten, og frå spissen av sekstenmeteren lobba han ballen kontrollert i mål.

Vinnarmålet
Det siste kvarteret vart meir kjemping enn godt spel frå begge lag, her var det nok fyrste mål som gav siger og tre poeng.

Det fekk heimelaget tre minutt før full tid. Tonny Åsen gjorde sitt andre mål i kampen, mellom beina på ein forsvarar. Då dommar Bratteberg bles for full tid, var det ei utruleg stemning på Hellesylt stadion. Fadesen frå bortemøtet mot serieleiaren var oppretta.

Tonny Åsen står med 12. seriemål så langt for Sunnylven. Spisskollega Alf Ole Sundgot med 20 seriemål kom ikkje på skoringslista i denne kampen, men vart truleg snytt for eit straffespark tidleg i andre omgang.

Dommartrioen var nytt bekjentskap på Hellesylt stadion, og fekk ikkje store protestar mot seg i løpet av kampen. At presse og publikum vart vist fleire meter vekk bak mål og frå sidelinja, var ny praksis frå kampleiar på Hellesylt stadion.

Sunnylven står no likt med HaNo i poengtabellen, men har framleis seks poeng å spele om og kan fortsatt ta den andre opprykksplassen til 3. divisjon.
Kampfakta
Sunnylven - Blindheim/Emblem: 3-2 (0-1)
Hellesylt stadion
25. september 2004 15:00
Serien

Tilskodarar: 110

Domar: Jan Erik Bratteberg, Ørsta IL
Assistentdomarar: Odd-Even Svindseth, FK Sykkylven og Gunn Tove Brockmann Skylstad, VRF
Observatør: Bo Grebstad, Sykkylven FK
Mål
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Blindheim/Emblem
Lagoppstilling manglar
Votering
Votering
Korleis går det heime i toppoppgjeret mot Blindheim/Emblem?
Siger
34%
Uavgjort
3%
Tap
63%
Antall stemme:: 32
Alle møter:
20.08.2009 Blindheim - Sunnylven 6-0 (5-0)
07.05.2009 Sunnylven - Blindheim 1-4 (1-2)
03.03.2007 Blindheim 2 - Sunnylven IL 4-0 (2-0)
25.11.2006 Blindheim 1 - Sunnylven 4-4 (0-0)
06.07.2006 Blindheim - Sunnylven 4-0 (2-0)
20.04.2006 Sunnylven - Blindheim 1-4 (1-3)
25.09.2004 Sunnylven - Blindheim/Emblem 3-2 (0-1)
13.06.2004 Blindheim/Emblem - Sunnylven 9-1 (3-1)
06.03.2004 Blindheim/Emblem - Sunnylven 6-3 (3-1)
20.08.2003 Blindheim/Emblem - Sunnylven 0-4 (0-2)
14.05.2003 Sunnylven - Blindheim/Emblem 2-0 (0-0)
27.09.1998 Blindheim - Sunnylven 2-8 (1-6)
27.06.1998 Sunnylven - Blindheim 4-1 (0-0)
24.08.1994 Sunnylven - Blindheim 6-2 (3-2)
29.05.1994 Blindheim - Sunnylven 7-1 (0-0)
11.08.1993 Sunnylven - Blindheim 1-1 (0-0)
05.05.1993 Blindheim - Sunnylven 1-3 (1-1)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven