Med mål til begge i sluttminuttet, enda nabooppgjøret 4-1 til Sunnylven. Dermed er laget på andreplass på tabellen, med
Blindheim/Emblem på første på betre målforskjell. At det er dei to laga som kom opp frå 5. div. er litt overraskande. Det fortel litt om nivået også i divisjonane oppover.
Stordal var med på "moroa" lenge i fyrste omgang, men store målsjansar kom ikkje for det fysisk hardtspelande laget. Det som var av skot, hadde Kåre Bjørnes i sikkert grep. Etter sju minutt fekk Sunnylven corner. Eit presist legg frå Kalle Hjelle flikka Olav Åge Åsen vidare til Henning Nydahl som stanga lerkula kontant i kassa.
Eit flott mål, og eit titalls sunnylvingar på tribuna kunne juble. Resten av omgangen bølga spelet fram og tilbake utan at det vart teljande resultat til nokon av laga.
Mange hjørnespark
Arne Storstein måtte gje seg på grunn av strekk etter eit kvarter av fyrste omgang, og Ole A. Ringdal som kom inn, gjorde jobben så lenge kreftene heldt.
Andre omgang opna med kjempeskot i tverrliggaren og over frå Ringdal, men ny skoring kom ikkje før halvvegs i omgangen. Jens Arve Forbord blir reven ned i straffefeltet, og Tonny Åsen set straffesparket i mål via keeper.
Sunnylven spela seg til ti-tolv hjørnespark i kampen, og ti minutt før slutt kjem eit nytt frå venstrefoten til Kalle Hjelle. Det endar i mølje fram for mål der Olav Åge Åsen til slutt set panna til og ballen går i mål.
Stordal reduserte til 1-3 i sluttminuttet, og sekunder før full tid blir det 4-1 til Sunnylven ved Alf Ole Sundgot.
Same Sundgot hadde mange løpsduellar mot Stordal-forsvaret, og fekk tidvis røff behandling. Ved eitt tilfelle var nok gult feil farge frå dommaren. Heimelaget fekk to gule til, mot ingen for gjestane.
Sunnylven hadde god kontroll og viste mykje bra spel i denne kampen, spesielt i andre omgang då raske vingar fekk fleire balar å jobbe med. Solid også i forsvarsrekka
med Stian Ljøen Melcior som venstre back, og ein av dei beste på vinnarlaget.
Stordal - Sunnylven
Sunnylven let ikkje sjansen til nye poeng gå frå seg då dei møtte Stordal på Kirkebø stadion fredag.
Kampfakta
Stordal - Sunnylven: 1-4
(0-1)
Kirkebø stadion
25. juni 2004 18:30
Serien
Tilskodarar: 30
Domar: Atle Moldskred, Hasundgot IL
Assistentdomarar: Odd Arne Grande, Skodje IL og Tor Bjermeland, Herd Spk.
Mål
Stordal
Sunnylven
Votering
Votering
Korleis går det i bortekampen mot Stordal?
| Siger |
| 85% |
| Uavgjort |
| 0% |
| Tap |
| 15% |
Antall stemme:: 41
Alle møter:
04.08.2010 Stordal - Sunnylven 8-3 (3-1)
07.04.2009 Stordal - Sunnylven 1-7 (0-4)
07.03.2009 Sunnylven - Stordal 3-2 (2-0)
12.04.2008 Stordal - Sunnylven 0-1 (0-1)
09.08.2007 Sunnylven - Stordal 3-4 (0-3)
03.05.2007 Stordal - Sunnylven 6-0 (4-0)
11.03.2006 Sunnylven - Stordal 0-3 (0-0)
21.03.2005 Sunnylven - Stordal 3-3 (1-1)
09.10.2004 Sunnylven - Stordal 6-1 (2-0)
25.06.2004 Stordal - Sunnylven 1-4 (0-1)
26.09.1999 Stordal - Sunnylven 2-3 (2-1)
26.06.1999 Sunnylven - Stordal 3-1 (0-0)
23.01.1999 Sunnylven - Stordal 5-2 (3-0)
21.02.1997 Sunnylven - Stordal 4-0 (1-0)
16.05.1996 Stordal - Sunnylven 4-1 (3-0)


