Sunnylven - Ellingsøy
Det vart storsiger 7-3 til Sunnylven over Ellingsøy på Hellesylt stadion i den tiande serierunden i 4. divisjon. Ved pause stod det 3-2 til heimelaget.
Ellingsøy var i leiinga midtvegs i omgangen etter sjølvmål av Sunnylven, og ei skoring av Kenneth Bjørke. Same mann gjorde det tredje målet til gjestane.

Fyrste mål til Sunnylven kom ved Tonny Åsen på heading etter cornerspark av Kalle Hjelle. Alf Ole Sundgot utlikna til 2-2, og Tonny Åsen fastsette pauseresultatet til 3-2. På slutten av denne omgangen kunne Sunnylven ha auke leiinga etter fleire store sjansar.

Vidar Even Leite kom inn for Sunnylven i andre omgang, og etter 60 minutt gjorde han sitt fyrste mål for sesongen. To minutt seinare auka Alf Ole Sundgot for heimelaget til 5-2, før Kenneth Bjørke reduserte til 5-3. To mål av Arne Storstein på slutten av andre omgang fastsette sluttresultatet til solide 7-3.
Sunnylven spela ikkje opp mot sitt beste i denne kampen, men langt betre arbeidsmoral i alle lagdeler var nok til å hente heim alle poenga frå laget som ligg på tredje siste plass på tabellen.

Ellingsøy måtte spele heile andre omgang med berre ti mann etter at Lennart Klausen fekk rødt kort etter to gule, det siste for munnbruk mot dommaren.

Sunnylven stilte same lag som i kampen mot Blindheim/Emblem med unnatak av Bård Forbord som var erstatta med Jens Arve Forbord. Fleire unge spelarar fekk også prøve seg etter kvart, i tillegg til Vidar Even Leite kom også Thord Are Stølen, Kim Sture Flo og Jarl Eirik Larsen Frøysa inn i andre omgang.

Med denne sigeren beheld Sunnylven tredje plass på tabellen, etter Vigra, men med same poengsum som Blindheim/Emblem.

Neste kamp er mot Stordal borte, som tapte 0-3 for Norborg torsdag kveld. I same serierunde vann Stranda 4-1 over Aksla.
Kampfakta
Sunnylven - Ellingsøy: 7-3 (3-2)
Hellesylt stadion
17. juni 2004 19:00
Serien

Tilskodarar: 30

Domar: Tor Bjermeland, Herd Spk.
Assistentdomarar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg IL og Per Helge Liset, Stranda IL
Mål
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Ellingsøy
Lagoppstilling manglar
Votering
Votering
Korleis går det i heimekampen mot Ellingsøy?
Siger
82%
Uavgjort
0%
Tap
18%
Antall stemme:: 28
Alle møter:
12.03.2009 Ellingsøy - Sunnylven 2-2 (2-1)
08.09.2005 Sunnylven - Ellingsøy 3-5 (2-1)
26.05.2005 Ellingsøy - Sunnylven 0-3 (0-2)
02.10.2004 Ellingsøy - Sunnylven 3-2 (1-1)
17.06.2004 Sunnylven - Ellingsøy 7-3 (3-2)
20.03.2004 Ellingsøy - Sunnylven 1-2 (0-2)
08.09.2000 Sunnylven - Ellingsøy 4-0 (0-0)
16.06.2000 Ellingsøy - Sunnylven 2-3 (1-3)
20.08.1997 Ellingsøy - Sunnylven 7-3 (0-0)
11.06.1997 Sunnylven - Ellingsøy 0-2 (0-0)
28.04.1997 Ellingsøy - Sunnylven 3-1 (1-0)
29.09.1996 Sunnylven - Ellingsøy 4-2 (1-0)
27.06.1996 Ellingsøy - Sunnylven 3-1 (0-1)
23.09.1995 Ellingsøy - Sunnylven 2-2 (2-1)
24.06.1995 Sunnylven - Ellingsøy 2-0 (1-0)
25.09.1993 Sunnylven - Ellingsøy 2-5 (0-4)
26.06.1993 Ellingsøy - Sunnylven 4-0 (1-0)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven