Heimelaget vann 9-1 etter 3-1 ved pause. Sunnylven sitt mål kom på frispark frå 17 meter ved Kalle Hjelle.
Blindheim/Emblem tok ei tidleg 2-0 leiing. Sunnylven var bra med i fyrste omgang, og reduserte i det 44. minutt. Minuttet etter var det ny skoring for heimelaget og 3-1 til pause. Det målet øydela alt for Sunnylven, for i andre omgang våga heimelaget å angripe med heile laget høgt, og det gav resultat og ei pinleg forestilling for Sunnylven.
Blindheim/Emblem fekk alt til å stemme i kampen som gjekk på ei grøn, men noko ujamn bane. Spesielt i andre omgang var dei svært effektive, det vart mål på nesten alle målsjansar.
Ingen ting stemte
Sunnylven sitt mannskap spela fotball på eit plan langt frå det dei har vist i serien tidlegare i år. Ingen ting var som normalt, høge oppspel med feil adresse og mange "blunderar" i forsvaret, laget mangla det engasjement som har blitt vist i tidlegare kampar. Laget vart også for temposvake mot eit heimelag som strutta av sjølvtillit etter kvart som måla rasa inn.
Å leite etter årsaka til stortapet, skal vi la andre gjere. Dette var dagen då eingen ting stemte, for Sunnylven kan så langt mykje betre.
Det får laget sjansen til å bevise alt torsdag på heimebane mot Ellingsøy.
Blindheim/Emblem - Sunnylven
Sunnylven gjekk på eitt av sine største tap nokon gong då dei møtte Blindheim/Emblem på bortebane i den 9. serierunden.
Kampfakta
Blindheim/Emblem - Sunnylven: 9-1
(3-1)
Blindheim stadion
13. juni 2004 15:00
Serien
Tilskodarar: Ukjent antal
Domar: Rolf Jarle Eldevik, Ellingsøy IL
Assistentdomarar: Arild Stensbu, AaFK og Stig-Eivin Meisal, Volda TI
Mål
Blindheim/Emblem
Sunnylven
Votering
Votering
Korleis går det i bortekampen mot Blindheim/Emblem
| Siger |
| 72% |
| Uavgjort |
| 13% |
| Tap |
| 15% |
Antall stemme:: 46
Alle møter:
20.08.2009 Blindheim - Sunnylven 6-0 (5-0)
07.05.2009 Sunnylven - Blindheim 1-4 (1-2)
03.03.2007 Blindheim 2 - Sunnylven IL 4-0 (2-0)
25.11.2006 Blindheim 1 - Sunnylven 4-4 (0-0)
06.07.2006 Blindheim - Sunnylven 4-0 (2-0)
20.04.2006 Sunnylven - Blindheim 1-4 (1-3)
25.09.2004 Sunnylven - Blindheim/Emblem 3-2 (0-1)
13.06.2004 Blindheim/Emblem - Sunnylven 9-1 (3-1)
06.03.2004 Blindheim/Emblem - Sunnylven 6-3 (3-1)
20.08.2003 Blindheim/Emblem - Sunnylven 0-4 (0-2)
14.05.2003 Sunnylven - Blindheim/Emblem 2-0 (0-0)
27.09.1998 Blindheim - Sunnylven 2-8 (1-6)
27.06.1998 Sunnylven - Blindheim 4-1 (0-0)
24.08.1994 Sunnylven - Blindheim 6-2 (3-2)
29.05.1994 Blindheim - Sunnylven 7-1 (0-0)
11.08.1993 Sunnylven - Blindheim 1-1 (0-0)
05.05.1993 Blindheim - Sunnylven 1-3 (1-1)


