Til denne kampen mangla Sunnylven Kåre Bjørnes (ferie), Bård Forbord (karantene) og Tonny Åsen (konfirmasjon), men stallen er i år solid, noko som alle erstattarane beviste i denne kampen.
Jens-Arve Forbord fekk sjansen frå start og tok den med begge hendene, han scora tidleg til 1-0 leiing, og seinere vart han felt slik Alf Ole Sundgot fekk utlikne til 2-2.
Etter pause var Jens-Arve frampå og utlikna til 3-3.
Sunnylven spelte bra fotball i heile kampen, med god bevegelse både på midtbane og angrep, og klarte å skape ein heil del sjanser på den tunge og våte bana.
Likevel var det Skarbøvik 2 som leia 3-2 til pause, dei utnytta sjansane sine godt, men kanskje burde forsvaret rydda unna betre enn dei gjorde.
Sunnylven gjekk knallhardt ut i 2.omgang og gav ikkje Skarbøvik 2 nokon sjanse. At laget scora tre mål og vant kampen var det ingen som kunne seie noko på. Sjanser kom på løpande band, og forsvaret til Skarbøvik 2 fekk til tider skikkelig juling. Stor fart på ballen og på ivrige Sunnylvs-angriparar, førte til mange sjanser, og når Sunnylven i tillegg klarte å vise godt forsvarsspel var det ingen tvil om kvar sigeren skulle gå.
Med denne sigeren er Sunnylven fortsatt med i toppen, og i neste kamp venter topplaget Vigra på Hellesylt torsdag. Til den kampen er alle spelarane disponible, og trenarane får eit luksusproblem med å velge den rette lagoppstillinga.
Skarbøvik 2 - Sunnylven
Sunnylven tok ein sterk siger i bortemøtet mot Skarbøvik 2, laget kom tilbake i 2.omgang og vant fortjent 5-3 etter 3-2 til Skarbøvik 2 til pause.
Kampfakta
Skarbøvik 2 - Sunnylven: 3-5
(3-2)
Skarbøvik stadion
20. mai 2004 15:00
Serien
Tilskodarar: 30
Domar: Kjell Heltne, Spjelkavik IL
Assistentdomarar: Zenun Murati, Giske IL og Svein Vestnes, Aalesund FK
Mål
Skarbøvik 2
Sunnylven
Votering
Votering
Korleis går det borte mot Skarbøvik 2?
| Siger |
| 64% |
| Uavgjort |
| 11% |
| Tap |
| 26% |
Antall stemme:: 47
Alle møter:
05.08.2006 Sunnylven - Skarbøvik 2 3-1 (2-0)
26.04.2006 Skarbøvik 2 - Sunnylven 2-2 (1-1)
31.08.2005 Sunnylven - Skarbøvik 2/Hessa 1-1 (1-1)
18.05.2005 Skarbøvik 2/Hessa - Sunnylven 0-2 (0-1)
25.08.2004 Sunnylven - Skarbøvik 2 5-3 (2-1)
20.05.2004 Skarbøvik 2 - Sunnylven 3-5 (3-2)
09.09.1998 Sunnylven - Skarbøvik 2 16-0 (10-0)
09.06.1998 Skarbøvik 2 - Sunnylven 0-1 (0-0)


