Åram/VanKam - Sunnylven
Sunnylven gjekk på sesongens første tap i bortemøtet med Åram/Van.kam på ei flott grasbane på Eidså, heile 4-1 til heimelaget endte kampen. Ein kamp som Sunnylven slett ikkje kan vere fornøgd med, lite stemte både offensivt og defensivt.
Fire baklengs mål var nok i meste laget, men Åram/Van.kam tok sine sjanser og var veldig effektive, medan Sunnylven denne gangen trengte mange sjanser for å score.

Kampen starta med eit visst overtak til heimelaget, dei skapte småfarlege sjanser etter usikkert forsvarsspel frå Sunnylven si side. Den første sjansen var det likevel Sunnylven som fekk, etter dødball skaut Arne Storstein over fra kort hald. Like etter kjem Åram seg for lett til avslutning og scorar etter keeperretur. Sunnylven spelte ikkje bra nok resten av omgangen heller, sjølv om laget skapte eit par bra sjanser til utlikning, men Åram gjekk til pause med eitt-måls leiing.

Første kvarteret av 2.omgang var det Sunnylven som hadde initiativet, men fekk ingen store sjanser og dermed heller ikkje mål. I staden scorer Åram tre raske mål på dei neste 15 min. Dermed var kampen over for Sunnylven, og poenga utanfor rekkevidde. Reduseringa til Henning Nydahl kom etter corner, og vart som trøystemål å rekne.

I denne kampen mangla ein del, både pasningskvalitet og valg burde vore betre, humøret i laget burde vore betre og den gode følelsen fra 1.runde mangla heilt. Laget fekk ihvertfall erfare at divisjonen er sterk og at det ikkje kjem poeng av seg sjølv. Åram/Vankam viste seg som eit lag med stor innsats og vilje til å vinne kvar einaste ball, dei hadde eit par bra spelarar som fekk noke for mykje tid og rom og var i denne kampen veldig effektive.

Sunnylven må sjå framover til neste kamp, torsdag mot Norborg, og få tilbake spelegleda og gnisten - makter dei det så blir det morosamt på stadion.
Kampfakta
Åram/VanKam - Sunnylven: 4-1 (1-0)
Eidsåvoll stadion
1. mai 2004 15:00
Serien

Tilskodarar: 25

Domar: Jan Erik Bratteberg, Ørsta IL
Assistentdomarar: Allan Rune Eikrem, AaFK og Dag Harald Moldskred, Hareid IL
Mål
Åram/VanKam
Lagoppstilling manglar
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Votering
Votering
Korleis går det mot Åram/VanKam?
Siger
74%
Uavgjort
9%
Tap
18%
Antall stemme:: 80
Alle møter:
25.09.2010 Sunnylven - Kvamsøy/ÅVK 2 9-1 (4-0)
05.06.2010 Kvamsøy/ÅVK 2 - Sunnylven 1-4 (0-2)
06.08.2009 Åram/VanKam - Sunnylven 5-1 (3-0)
24.04.2009 Sunnylven - Åram/VanKam 4-3 (4-2)
13.09.2008 Åram/Van.Kam - Sunnylven 1-1 (1-0)
29.05.2008 Sunnylven - Åram/Van.Kam 2-0 (2-0)
15.09.2007 Åram/Van.Kam - Sunnylven 2-2 (2-1)
07.06.2007 Sunnylven - Åram/Van.Kam 4-3 (1-2)
24.08.2006 Åram/Van.Kam. - Sunnylven 4-3 (0-0)
18.05.2006 Sunnylven - Åram/Van.Kam. 3-3 (1-2)
07.07.2005 Åram/Van.kam - Sunnylven 4-1 (1-0)
02.06.2005 Sunnylven - Åram/Van.kam 4-2 (2-1)
07.08.2004 Sunnylven - Åram/VanKam 4-0 (0-0)
01.05.2004 Åram/VanKam - Sunnylven 4-1 (1-0)
12.08.2000 Sunnylven - Åram/VanKam 2-3 (2-2)
09.05.2000 Åram/VanKam - Sunnylven 3-2 (1-1)
12.09.1992 VanKam - Sunnylven 3-1 (2-1)
09.06.1992 Sunnylven - VanKam 5-5 (0-0)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven