Sunnylven - Vartdal
Det vart 2-2 og poengdeling mellom Sunnylven og Vartdal på Hellesylt stadion onsdag.
Eit resultat heimelaget truleg er minst nøgde med.
Kampen gjekk under flotte speleforhold, der Sunnylven opna klart best. Alt etter fire minutt stod det 1-0, etter eit innlegg mot Vartdal-målet, som Arne Storstein stupheada i mål. Og eit stort heimepublikum fekk meir å juble for ut over i omgangen, då serieleiaren dominerte spelet i lange periodar. Etter 20 minutt hadde laget sjansen til å auke leiinga. Jens Arve Forbord vart takla ulovleg innafor straffefeltet, men skotet frå 11-meteren sette Alf Ole Sundgot til side for mål.
Derimot gjorde same spelar ingen feil då han etter 28 minutt lobba eit framspel vidare over ein utrusande Vartdal-keeper. Men 2-0 leiinga til Sunnylven varte i berre to minutt. Misforståing mellom forsvar og målmann utnytta Vartdal, og Nils Dragnes sette ballen i ope mål.

Vartdal utlikna
Om fyrste omgang vart dominert av heimelaget, var gjestane best i store deler av andre.

Sunnylven vart pressa tilbake, forsvaret lempa unna, men andreballen hamna hos dei blå-kvite. Det var berre eit spørsmål når utlikninga kom.
Etter 78 minutt fekk Rolf Audun Vartdal stjernetreff frå 20 meters hald, og ballen susa i nettmaskene oppe til venstre for Kåre Andre Bjørnes.

I sluttminutta kunne begge lag ha sikra seg alle poenga. Nærast var nok heimelaget med nye stangskot. I heile kampen noterte vi fem i stolpane og ut for Sunnylven, mange etter frisparklegg frå Kalle Hjelle.

Hos heimelaget var Olav Åge Åsen på ny solid i forsvar. Kanskje spela ikkje Sunnylven sitt mannskap opp mot sitt beste denne gongen.

Vartdal var som mange av dei andre laga i 5. divisjon ein god motstandar, truleg ein av dei beste 5. divisjonane på Sunnmøre mange år.

Etter som både Skodje og Blindheim/Emblem vann sine kampar i den 18. serierunden, nærmar dei seg i poengsamandraget.
Opprykk er enno ikkje avgjort, så utfallet av heimekampen mot Larsnes laurdag, kan vere svært viktig.
Kampfakta
Sunnylven - Vartdal: 2-2 (2-1)
Hellesylt stadion
10. september 2003 18:00
Serien

Tilskodarar: 80

Domar: Morten A. Stokke, Valder
Mål
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Vartdal
Lagoppstilling manglar
Votering
Votering
Korleis klarar A-laget seg mot Vartdal?
Siger
70%
Uavgjort
3%
Tap
27%
Antall stemme:: 33
Alle møter:
03.09.2009 Vartdal - Sunnylven 3-0
21.05.2009 Sunnylven - Vartdal 0-1 (0-0)
14.08.2008 Sunnylven - Vartdal 0-1 (0-0)
30.04.2008 Vartdal - Sunnylven 0-6 (0-3)
10.09.2003 Sunnylven - Vartdal 2-2 (2-1)
04.06.2003 Vartdal - Sunnylven 0-2 (0-1)
05.09.1999 Sunnylven - Vartdal 7-0 (3-0)
12.06.1999 Vartdal - Sunnylven 2-3 (1-2)
13.02.1999 Sunnylven - Vartdal 5-0 (1-0)
06.07.1995 Vartdal - Sunnylven 4-1 (1-0)
22.04.1995 Sunnylven - Vartdal 4-1 (2-1)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven