Vartdal - Sunnylven
Med mål av veteranane Jens Arve Forbord og Arne Storstein, og ingen bakover, tok Sunnylven alle poenga i møtet med Vartdal onsdag. Dermed ligg laget heilt i toppen av 5. divisjon med 16 poeng på sju kampar.
Kampen på Vartdal gjekk i strålande sommarvarme, og det vart ei tøff påkjenning for spelarane. Sunnylven bytte mykje inn og ut gjennom heile kampen.

Vartdal var gode, tykte sportsleg leiar, Steinar Hjelle. At Sunnylven tok leiinga etter ein halvtime i fyrste omgang, var greit nok, sjølv om også heimelaget hadde sjansar til skoring. Målet kom på heading ved Jens Arve Forbord etter corner.

Også i andre omgang bølga spelet fram og tilbake med sjansar til begge lag, og ti minutt før slutt punkterte Arne Storstein kampen med sitt fyrste mål denne sesongen. Også det gjekk i nettmaskene etter corner.
-Veldig viktig å få ein siger på bortebane mot eit så godt lag. Vartdal prøvde å spele ballen heile tida, men dei lukkast ikkje i det avgjerande trekket. Sjølve hadde vi kanskje ikkje ein heilt god dag, men sikra oss alle poenga likevel. Dermed har vi 16 poeng
av 21 moglege, og ligg heilt i teten av tabellen. Det er vi godt nøgde med, seier Steinar Hjelle som ikkje vil snakke om opprykk enno.
Kampfakta
Vartdal - Sunnylven: 0-2 (0-1)
Vartdal stadion
4. juni 2003 19:00
Serien

Tilskodarar: Ukjent antal

Domar: Oddmund Kaldhussæter, Bindheim IL
Mål
Vartdal
Lagoppstilling manglar
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Votering
Votering
Vil A-laget slå Vartdal borte?
Ja, med minst to mål
50%
Ja
50%
Nei, ingen sjanse!
0%
Antall stemme:: 2
Alle møter:
03.09.2009 Vartdal - Sunnylven 3-0
21.05.2009 Sunnylven - Vartdal 0-1 (0-0)
14.08.2008 Sunnylven - Vartdal 0-1 (0-0)
30.04.2008 Vartdal - Sunnylven 0-6 (0-3)
10.09.2003 Sunnylven - Vartdal 2-2 (2-1)
04.06.2003 Vartdal - Sunnylven 0-2 (0-1)
05.09.1999 Sunnylven - Vartdal 7-0 (3-0)
12.06.1999 Vartdal - Sunnylven 2-3 (1-2)
13.02.1999 Sunnylven - Vartdal 5-0 (1-0)
06.07.1995 Vartdal - Sunnylven 4-1 (1-0)
22.04.1995 Sunnylven - Vartdal 4-1 (2-1)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven