Sunnylven - Blindheim/Emblem
Sunnylven vann fortent 2-0 over Blindheim/Emblem på heimebane onsdag. På ei regntung bane avgjorde Jens Arve Forbord og Morten Overå med kvar sine skoringar i det siste kvarteret av kampen.
Fyrste omgang starta nærast som stillingskrig mellom laga, spelet foregjekk på midtbana, og dermed få sjansar til begge lag. Etter 22 minutt kunne Trond Tryggestad ha ordna leiing til heimelaget, men skotet strauk målstolpen på utsida. Vi noterte ein kjempesjanse til gjestane etter 37 minutt, men Sunnylven sin gode målmann, Kåre Andre Bjørnes slo ballen over og til hjørnespark. Den vart det heller ikkje mål på.

Meir fart i andre

I pausen hadde nok Sunnylven bestemt seg for å gå til litt meir, å vinne duellane mann mot mann. Og sjansane kom fleire no enn i fyrste.
7 minutt ut i omgangen kunne både Jens Arve Forbord og Trond Tryggestad putta ballen i mål frå kort hald, med det ville seg ikkje. Sunnylven pressa stort, det var stadig nære på at det vart nettkjenning uten at det lukkast. Spelarane la ned ein kjempeinnsats på den tunge bana.

Og etter 38 minutt vart det jubel mellom publikum på tribunen. Eit av mange hjørnespark til heimelaget ordna Jens Arve Forbord inn like ved krysset, og det stod 1-0. Fem minutt seinare var leiinga dobla, Kalle Hjelle vart spela nydeleg fri på venstrekanten og kunne ha gjort målet sjølv. I staden la han til høgre og Morten Overå nærast trilla ballen i mål.

På eit hardt kjempande heimelag som vann fortent, var Bård Forbord god. Også forsvaret hadde ein god dag, der Kåre Andre Bjørnes imponerte med sikkert spel i målet.

Tove Marie Tandstad frå VRF dømde godt, og beheldt alle kort i lomma.
Kampfakta
Sunnylven - Blindheim/Emblem: 2-0 (0-0)
Hellesylt stadion
14. mai 2003 18:30
Serien

Tilskodarar: 35

Domar: Tove Marie Tandstad, VRF
Mål
Sunnylven
Lagoppstilling manglar
Blindheim/Emblem
Lagoppstilling manglar
Alle møter:
20.08.2009 Blindheim - Sunnylven 6-0 (5-0)
07.05.2009 Sunnylven - Blindheim 1-4 (1-2)
03.03.2007 Blindheim 2 - Sunnylven IL 4-0 (2-0)
25.11.2006 Blindheim 1 - Sunnylven 4-4 (0-0)
06.07.2006 Blindheim - Sunnylven 4-0 (2-0)
20.04.2006 Sunnylven - Blindheim 1-4 (1-3)
25.09.2004 Sunnylven - Blindheim/Emblem 3-2 (0-1)
13.06.2004 Blindheim/Emblem - Sunnylven 9-1 (3-1)
06.03.2004 Blindheim/Emblem - Sunnylven 6-3 (3-1)
20.08.2003 Blindheim/Emblem - Sunnylven 0-4 (0-2)
14.05.2003 Sunnylven - Blindheim/Emblem 2-0 (0-0)
27.09.1998 Blindheim - Sunnylven 2-8 (1-6)
27.06.1998 Sunnylven - Blindheim 4-1 (0-0)
24.08.1994 Sunnylven - Blindheim 6-2 (3-2)
29.05.1994 Blindheim - Sunnylven 7-1 (0-0)
11.08.1993 Sunnylven - Blindheim 1-1 (0-0)
05.05.1993 Blindheim - Sunnylven 1-3 (1-1)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven