Verdenskrig - Idrettsstreik
Mellom andre Skarebakken vart nytta til illegale renn under krigen. Her er Gunnar Sårheim i svevet i 1945.
Men Sunnylven Idrottslag, som dei andre laga i bygdene omkring, nekta å gå inn i det tyske idrettsforbundet. Den landsomfattande idrettsstreiken som vart sett i verk, fekk mest full oppslutning.
Følgjeleg vart det ikkje halde noko offentlege tevlingar i krigsåra. Men idrettsaktivitetane låg ikkje heilt nede her i bygda for det. Fleire hopprenn vart tildømes avvikla illegalt. Dei mest nytta bakkane til desse var i Skaret og i Grønereina i Torskedalen.
Liknande tevlingar vart haldne i dei andre bygdene omkring.
Nyaste saker

