Større oppslutning etter kvart
Vinteridrett
Vinteren 1960 vart det arrangert langrenn både for jenter og for junior/senior. Oppslutninga om gutterennet var stor, medan ho i senior var heller elendig Dårleg ver får vel ta mykje av skulda for at berre 6 løparar stilte til start i hopprennet, og at herre 2 av desse hadde to ståande hopp! Vinnar og lagsrneister vart Nils Karbø. Om langrennet dette året manglar diverre opplysningar.
For vinteren 1961 er referata i lagsprotokollen noko fyldigare, og laget hadde på ny fått fram juniorar som til ein viss grad kunne hevde seg i krets- og distriktsrenn. Jørgen Vollsæter sikra seg fleire gode plasseringar i langrenn. Mellom anna fekk han 3. plassar i to distriktsrenn. Finn Arne Larsen og Per Kjellstadli sikra seg og brukbare plasseringar i hopp. Laget stod som arrangør for eit av distriktsrenna i hopp og langrenn dette året. Lags rennet samla stor deltaking og Erling Vollset i hopp og Jørgen Vollsæter i langrenn vart vinnarar.
Vinteraktivitetane i laget samla no etter kvart større og større oppslutning, og 1962 sesongen vart på mange måtar positiv. Ein del unge løparar representerte no laget i utanbygds-renn, ofte med gode resultat. Laget tok på seg arrangementet av distriktsrenn i hopp og langrenn. og det vart halde lagsrenn for alle klasser med svært god deltaking. Jørgen Vollsæter var igjen den som fekk dei beste resultata i utanbygdsrenn. Han oppnådde 1., 2. og 4. plassar i større renn. Hopparane makta ikkje i same grad å hevde seg. Men så mange som 15 gutehopparar stilte opp i distriktsrennet som vart arrangert på Tryggestad. Diverre var ikkje deltakinga så god frå andre lag denne gongen.
Lagsmeister i hopp vart Oddmund Fivelstad, som fekk ein aksje i pokalen som den tidlegare storhopparen Jakob Sæter hadde sett opp. I langrenn var på ny Rolf Sæter med og sikra seg ein sikker siger.
I 1963-sesongen var det særleg hopparane som var ute og representerte laget. Men det var sjeldan dei kom mellom dei aller beste. Oddmund Fivelstad var alt i alt den fremste av dei denne sesongen, og han vart og lagsmeister i hopp. Langrennet vart her vunne av Paul Tronstad.
Nytt i -63 var ein pokalkamp i hopp mellom Stordal og S.I.L. Diverre vart dette elles så interessante arrangementet skjemd av særs dårleg ver. Men konkurransa gav som resultat ein sikker siger til S.I.L. Også dette året skipa laget til distriktsrenn i langrenn. (Hopprennet måtte avlysast på grunn av snømangel). Men laget sine eigne løparar nøydde seg med beskjedne plasseringar i alle klasser. Heller ikkje i elt gutelangrenn seinare på året vart det særleg mange premiar å hente. Men interessa for og oppslutninga om renna var i alle høve god.
Det nye i skisesongen 1964 var ein bedriftsstafett som vart vedteken halden i langrenn. Styret i laget sette opp reglar for stafetten, som første gong vart halden 22. mars dette året. 4 lag deltok i stafetten, som vart ein retteleg publikumssuksess. Sunnylven Meieri tok første aksje med tida 56,46, berre 4 sek. føre Trio Møbelfabrikk. Deretter følgde Sunnylven Samyrkelag og Ole Ringdal A/S.
Ein annan fulltreffar dette året var barneskirennet på Hole. Heile 78 gutar og jenter deltok i disiplinane hopp, langrenn og utfor- Svært mykje folk var møtt fram som tilskodarar, og Barne- og ungdomsutvalet i laget gjorde ein stor innsats for dette særs vellukka rennet. Lagsrennet synte at interessa på ny var på topp i laget. Heile 25 mann deltok i langrenn og 9 i hopp. Paul Tronstad stod fram som ein klar einar her, og varsla at han ikkje ville bli så lett å slå ved seinare høve heller. Han sikra seg like godt lagsmeisterskapet både i hopp, langrenn og kombinert!
Sommaridrett
Heller ikkje i 5-årsbolken 1960-64 kunne laget gje utøvarane i sommaridrettane særleg gunstige trenings- og konkurransetilhøve. Dermed vart det mykje dei same aktivitetane som vart drivne som tidlegare: terrengløp, stafettar og nokre få fotballkampar.
I 1960 deltok løparar frå laget i 4 stafettar. Plasseringane var ikkje altfor gode. flest gjorde kan hende laget det i Stranda-stafetten. Der vart dei nummer 6 av 10 lag, og slo mellom anna Stranda I.L. Gledeleg var det at så mange slutta opp om lagsmeisterskapet i friidrett som vart halde dette året. Her vart det konkurrert både i høgde, lengde, kule, diskos, 100 meter og 800 meter. Laget hadde elles i sesongen med nokre løparar i terrengløp, men desse hevda seg ikkje.
Fotballen rulla og. Men berre to kampar vart avvikla. Mot Hornindal vart det tap 1-4.! ein kamp Hellesylt - Bygda/Dalen vart så resultat 5-1.
1961-sesongen gav framgang for stafettlaget. Mellom anna vann dei bedriftsklassa i Patchell-stafetten det året, og i Stranda stafetten vart det ein 4. plass.
I 1961 vart og det første terrengløpet frå Idrettsplassen - Korsbrekke -Stadheim - Idrettsplassen arrangert. Vi nemner her at Oddmund Fivelstad sigra i klasse B, medan Edvin Helset vann klasse 14-15 år.
Edvin Helset og Jon Ringdal deltok så i KM for gutar. Ringdal fekk her ein 3. plass på 60 meter og hadde dessutan ein 4. og 5. plass i høgde og lengde. Fotballsesongen gav heller ikkje dette året noko lyspunkt. Den tradisjonelle kampen mot Hornindal gav tap 3-9.
Den 13. mai 1962 skipa laget til terrengløp på Hellesylt. Vi manglar resultata her, veit berre at Jens Lingås frå Valldal vann ein sikker siger.
Det vart spela fleire fotballkampar enn vanleg denne sommaren. Laget spela mellom anna ein kamp mot Rusten-brørne. Det er nok ikkje ofte ein familie slik kan stille eit heilt fotballag på beina! S.I.L deltok dessutan i ei cupturnering i Liabygda. Her vart det siger mot Eidsdal, men tap for Valldal. I tillegg til fleire kampar mot Hornindal - med varierande resultat-, vart det og spela ein kamp mot skuleungdom frå Stuttgart. Her vart det siger til S.I.L med 6-1.
Også i 1963 vart det spela fleire fotballkampar: mot Valldal, Hornindal, Liabygda, og Øye. Gutelaget var og i aksjon to ganger mot Hornindal.
Største prestasjonen denne sommarsesongen stod likevel John Ringdal for, då han vart Kretsmeister i høgde m.t. med resultat 1.62 m.
Alt i mars 1964 stod John Ringdal for ein ny stor prestasjon. Då vann han KM i hopp utan tilløp med det framifrå resultatet 3,08 m. Tet verkeleg fint resultat for ein 16-åring Han hoppa heile 19cm lenger enn nestemann, og vi tillet oss å gi att nokre av dei superlativ Sunnmørsposten nytta om Ringdal i denne samanhang. "Spensttalent", "dagens store" med meir. 1mai vart så det tradisjonelle Sunnylvsløpet arrangert. Heile 29 deltakarar stilte til start, og publikum slutta godt opp om arrangementet. Rundt 200 fekk sjå Lars Petter Knivsflå frå Geiranger ta ein sikker siger. Best av laget sine eigne løparar var Kåre Helset med ein fin siger i klasse 14~15år.
S.I.L deltok i 4 stafettar i 1964. Resultata var ikkje alltid så oppløftande. Men som skrivaren i laget dette året uttrykkjer det: "Vi var då med - og slo alle som ikkje deltok".
Resultatmessig var det John Ringdal som også dette året stod for del største prestasjonane. I tillegg til KM i hopp, som vi alt har nemnt, vart han sonemeister både på 100 m, i kule og i høgde! Ringdal fekk og ein fin 3. plass i KM i spyd senior/jun. J KM for gutar vart det nye fine plasseringar, siger i kule og 2. plass i spyd og høgde.

Nyaste saker