Stor oppslutning om laget
Vinteridrett
Etter krigen tok det ikkje lang tid før skisesongane på ny var komne inn i det vandte mønsteret. Løparane frå lag deltok flittig i krets- og distriksrenn. Innan laget vart det halde lags- og merkerenn, og deltakinga var stor og stabil.
I 1946 vart lagsrennet halde i januar. Langrennet vart ein hard dyst mellom Gunnar Vollset og Lars Rørhus, der den førstnemnde til sist vart vinnar. I hopprennet var Jakob Sæter ikkje til å true.
Sunnylvingar i Oslo hadde i 1940 sett opp to vandrepokalar, ein i hopp og ein i langrenn. Vinnarane i lagsrennet fekk sine første aksjar i desse pokalane.
Løparane frå laget tevla og mot utanbygds løparar i nokre renn dette året. Langrennarane fekk gode plasseringar ved Lars Rørhus og Gunnar Vollset. Hopparane hadde større vanskar med å hevde seg. Best var Jakob Sæter med ein fin siger i eit hopprenn i "Grønereina" i Torskedalen. Her deltok hopparar frå fleire bygder omkring. SIL sin vandrepokal i hopp vart dette året vunnen av Hornindal IL.
Det mest gledelege med denne sesongen var nok likevel den særs store oppslutninga om merkerennet. Heile 75 menn og 16 kvinner tok skimerket!
Det er det beste resultatet i laget si historie.
Skisesongen 1947 byrja dårleg på grunn av lite snø. Mange av skirenna som skulle haldast i januar og februar måtte avlysast. Sunnylven var tildelt distriktsrenn i hopp og langrenn, men måtte til sist avlyse hopprennet. Langrennet vart uvanleg spanande. Det enda med dødt løp mellom dei to favorittane Lars Rørhus og Magnus Bjørdal (frå Geiranger).
I 1947 var det og særs god oppslutning om merkerennet. 53 menn og 7 kvinner klarte kravet dette året. Saman med merkerennet vart det og halde eit barneskirenn. Også her var deltakinga stor. Det var tydelegvis ikkje noko i vegen med rekrutteringa til laget. Lagsmeistrar seinare på året vart Jakob Sæter i hopp, Lars Rørhus i langrenn og Ivar Ringdal i kombinert. Rørhus og Sæter tok nye aksjar i Oslopokalen.
Laget sendte også i 1948 fleire løparar på renn rundt om i distriktet. Lars Rørhus var på ny den som hevda seg best, og han hadde ein svært god sesong. Han sigra mellom anna i to distriktsrenn og vart ein sikker vinnar av lagsrennet i langrenn. Med denne sigeren fekk han Oslopokalen til odel og eige.
Jakob Sæter forsvara lagsmeisterskapet sitt i hopp, og også han sikra seg no Oslopokalen til odel og eige. Som vanleg sigra så Ivar Ringdal klart i kombinert.
Lags- og merkerenna samla framleis god oppslutning. Men interessa var ikkje fullt så stor som tidlegare. Det var stort sett dei same løparane som kom fremst på premielistene no som åra før. Berre i kombinert fekk vi ein ny lagsmeister. Her sigra Olav Hauge. Men han måtte dele sigeren med den gamle meisteren Ivar Ringdal.
Sommaridrett
I 1946 vart det halde lagsmeisterskap i friidrett. Det vart konkurrert i to løp, to sprang- og tre kastøvingar. Tevlinga samla bra oppslutning. Lagsmeistrar vart:
100 m og lengde
Elling Frøysa
1500 m
Sverre Nybø
Kule, diskos og spyd
Martin Storstein
Høgde
Bjarne Frøysa
Jonsokkvelden vart så Selhammarmark-løpet halde for første gong etter krigen. 10 mann deltok her. Sverre Nybø sigra, og han fekk første aksje i den nyoppsette pokalen.
Fotballen rulla og flittig i 1946. Fem kampar vart spela. Motstandarar var Hornindal, Øye og Geiranger. Sunnylven vann ein kamp, spela ein uavgjort og tapte tre. Sigeren kom mot Øye, og resultatet blei 3-0.
Om sommaridrettane i 1947 har vi få opplysningar. Resultat har vi berre frå idrettstevlingane for born 17. mai. Her vart det konkurrert i lengde.
Også om 1948 veit vi lite. Aktivitetane om sommaren synes i det heile å ha minka sterkt på slutten av 40-talet. Det vart spela to fotballkampar, mot Geiranger og Øye. Begge kampane enda med storsiger til Sunnylven.
For 1949 finnes det så ingen ting i det heile om sommaridrettar i protokollane.

