Stor framgang mellom dei unge
Dei siste fem åra i Iagssoga har på dei aller fleste område vore svært positive for laget. Rett nok har skihopp og fotball så godt som forsvunne som idrettsgreiner i laget. Men nye aktivitetar har kome i staden, og dei andre "gamle" har hatt ei kraftig oppblomstring.
Mykje av denne nye given laget kan ein takke dei unge i bygda for. Med stor interesse og iver har dei gått inn for trening og konkurransar både somrar og vinter. Dette har ført til at laget no har mange unge idrettsmenn som på ein framifrå måte representerer laget utad og som hevdar seg heilt i toppen både på krets- og fylkesplan.
Dette har særleg slege godt ut i langrenn. Her har unggutane i dei aldersbestemte klassene sikra seg plasseringar som aldri før i laget si soge. Men også innan sommaridretten er framgangen stor og gledeleg. I desse åra har det og vore eit tydeleg generasjonsskifte. Herre få seniorar i laget har makta å hevde seg i utanbygds konkurransar.
Vidare må ein og for dette 5-året innleiingsvis nemne den store framgang som ulike trimaktivitetar har hatt i laget. Med opninga av det nye Samfunnshuset fekk laget høve til å tilby trenings- og trimkveldar for både barn, ungdom og vaksne gjennom vinterhalvåret. Dette tilbodet har og i høg grad vorte nytta, slik at ein idag har over 100 medlemmar i aktivitet ein eller fleire gonger for veka.
Med denne store oppslutninga er det ekstra gledeleg at det har vore råd å skaffe folk til å leie alle desse aktivitetane. Her kjem det svært godt med at heile 5 kvinner og 9 menn våren 1974 greidde eksamenen til A-kurs for treningsleiarar. Medlemstalet i laget er og no så høgt som aldri før. For 1975 har laget 218 innskrivne medlemmar.
Vinteridrett
Vinteren 1970 hadde ikkje laget så svært mange løparar rundt på renn. Men del som deltok var særs aktive og nådde fleire gode resultat. Paul Tronstad og Andreas Ringdal var dei sikraste premievinnarar. Men og Jørgen Wollsæter og Terje Nybø gjorde det godt.
Vi skal ta med litt her om nokre renn denne sesongen:
I Kretsmeisterskapet på 15 km, vart Paul Tronstad nr. 2 i kl. B, medan Jørgen Wollsæter og Oddmund Fivelstad vart nr. 3 og si kl. G. Wollsæter vart og nr. 2 i denne klassa ved KM på 30km. I dei fleste andre renn denne vinteren kom Tronstad og Wollsæter mellom dei 3 beste i sine klasser.
Av dei unge sikra Terje Nybø seg KM i kombinert. I langrennet fekk Arild Nybø og Andreas Ringdal medaljar i sine klasser. Ringdal var i resten av sesongen mellom dei 2~3 beste i alle renn han deltok i.
Løparane i laget deltok og i eit par turlangrenn og hevda seg godt.
Laget tok på seg å arrangere fleire langrenn denne vinteren. Særleg g deltaking var det i elt områderenn for barn på Hauge, der over 100 stilte start. Alt i alt var det ein jamt god skisesong for laget.
1971 sesongen vart mykje lik vinteren -70. Dei same løparane stod for beste prestasjonane. Paul Tronstad var framleis den beste senioren i laget, han var enno av god sunnmørsklasse. Ved KM 30 km, som Sunnylven rangerte dette året, vart han nr. 3. Tronstad fekk elles gode plasseringar i a dei renn han starta i.
Men dei unge i laget tok no til å hevde seg for alvor. Særleg utmerka Andreas Ringdal seg som eit verkeleg stortalent. Ved det før nemnde KM - Ringdal for ung til å stille opp. Han starta difor utanfor konkurranse. M tida hans ville ha halde til ein 2. plass i juniorklassa!. Idet kombinerte lags- og merkerennet på Røyrhus fekk så Andreas Ringdal vise at han no kanskje var den sterkaste langrennsløparen i laget. I dette rennet sigra han, over 2 minutt for Paul Tronstad. Ringdal representerte og laget ved Hovudlandsrennet for gutar dette året. Terje Nybø hadde og ein bra sesong, mellom an: med klassesiger i lysløyperennet på Karbø.
Andreas Ringdal fortsette framgangen også i 1972. Av dei renn vi finn resultat frå i protokollane var det berre i to han ikkje gjekk heilt til topps.! renn i Ørsta var såleis Ringdal heile 5 min og 50sek. føre nestemann!
Men fleire andre gutar gjorde seg etter kvart sterkt gjeldande. Olav Ringdal, bror til Andreas, Arild Nybø og til dels og Svein Alstad og Terje Nybø gjorde store innhogg på premieborda. Dei to førstnemnde slo for alv gjennom denne sesongen og kom til å dominere sine klasser i dei neste år Dette får vi rikeleg høve til å kome inn på seinare. Særleg Olav Ringdal gjorde reint bord i 1972 sesongen. Av seniorane var Paul Tronstad framleis med. Han vart lagsmeister dette året og fekk elles 2. og 3. plassar i større rei i distriktet. Randi Nybø vart lagsmeister i langrenn for kvinner.
Skisesongen 1973 vart for laget sin del opna med å arrangere områdelangrenn på Tronstad. Diverre var ikkje deltakinga god. Berre 15 løparar stilte til start. Av laget sine eigne deltok herre Paul Tronstad, og ha var denne gongen klart etter vinnaren av klasse fl, Odd Foldal frå Ørsta. Paul Tronstad sikra seg elles i 1973 fleire gode plasseringar. Den beste var plassen hans i KM 15 km. på Bondalseidet. Andreas Ringdal hadde og e svært god sesong denne vinteren. Mellom anna vart han Kretsmeister i kl. junior. Men Ringdal representerte Ørsta denne vinteren og fell difor helst utanfor denne framstillinga.
Dei som på ny sytte for dei beste plasseringane var Olav Ringdal og Arild Nybø. Ringdal var og denne sesongen utan nederlag i si klasse. Han vann al fem renn han stilte i, mellom anna vart han Kretsmeister. Arild Nybø fekk plass i KM og hadde dessutan tre 1,- og like mange 2. plassar i større renn. Områdemeisterskapet på Molde vart han nr. 15 av heile 63 deltakarar. Sve Alstad og ølstein Ljøen hadde og fine plasseringar i nokre renn denne vinteren.
Lagsmeistar vart på ny Randi Nybø og Andreas Ringdal. Frå dette rennet finn ein og dette poenget at brørne Sindre, Inge, Asgeir og Hans Hole vann kvar si klasse, og berre 31 sek. skilde mellom den første og siste av dei.
I 1974-sesongen stod Arild Nybø for den sikkert største skiprestasjonen i laget si soge. Trass i til dels svært hard konkurranse stod han fram som den desiderte einaren i 13-års klassa ikkje berre på Sunnmøre men i heile fylket. Nybø starta i alt i 11 større renn. Han vann 10 av dei og fekk ein 2. plass -herre i sekund etter vinnaren, Gisle Åland! Nybø vart mellom anna Kretsmeister på Emblem og Fylkesmeister på Stranda denne vinteren.
Men den største prestasjonen gjorde han i Områdemeisterskapet i Trondheim. Meisterskapet samla deltaking frå Sunnmøre i sør til Namdalen i nord. I klasse 13 år stilte heilt 77 deltakarar, og Arild Nybø gjekk like godt heilt til topps!
Vi tek med eit sitat frå "Adresseavisen" frå dette rennet: "Største overraskelse var 13-åringen Arild Nybø fra Sunnylven som tok en populær seier blant sine jevnaldrende. Han er et meget fint talent som er helt i særklasse hjemme på Sunnmøre. Nå skulle han få vise at han også klarte å tukte de raskeste trønderguttene".
Men også Olav Ringdal hevda seg framifrå dette året. I Områdemeisterskapet vart han nr. 13 av 72 deltakarar. Her i fylket var han mellom dei aller fremste. Han vart nr. 3 i KM og nr. 2 i Fylkesmeisterskapet. Han hadde elles fleire sigrar i krets- og områderenn.
Andreas Ringdal var på ny attende i laget. I lagsrennet sigra han suverent, På Sunnmøre var han alltid mellom dei fremste i si klasse, og han tok for fullt opp kampen mot den beste av seniorane Odd Foldal frå Ørsta.
Sunnylven arrangerte denne vinteren både lysløyperenn, merkerenn og KM i stafett for senior og junior. Gutelaget i stafett fekk ein 2. plass ved KM. Lagsmeister i langrenn for kvinner vart Olga Langeland. Nye gutar var ute og representerte laget. Av desse nemner vi Inge, Asgeir og Hans Hole og Inge Johan Tryggestad som alle leverte fin innsats gjennom sesongen.
Skisesongen 1975 synes å ha vore ein av dei mest aktive og vellukka sesongane på lang tid for laget. Ved sidan av god deltaking i lags- og merkerenn hadde laget fyldig deltaking både i krets- og områderenn, fylkesrenn og endatil Noregsmeisterskap. Særleg dei unge representerte laget med stor dugleik. Sidan dette er siste skisesongen til no vil vi avslutte med ei oversikt over skiaktiviteten som kan gi eit bilete av kvar laget står på krets- og fylkesplan. Aktiviteten sesongen 1975 syner at:
Skimerke: Heile 34 menn og 6 kvinner klarte dette. Dei einskilde løparar nådde desse resultata:
Andreas Ringdal: Han vart Vestlandsmeister, fylkesmeister og vart nr. 46 i Noregsmeisterskapen. I alt denne sesongen hadde han: 13 førsteplassar, 1 andreplass, 2 tredje-, og i femteplass.
Paul Tronstad: han starta i klasse C og nådde i første-, 2 andre, 2 tredje-, i sjette-, og i sjuandeplass.
Arild Nybø: Han gjekk dette året i kl. 14 år. Han hadde ein god sesong med desse resultata: 7 første-, 3 andre-, 2 tredje-, og i 53 plass som han fekk i NM.
Gisle Åland: Han er også 14 år og vart innmeld i laget til denne sesongen. Han vart kretsmeister og fekk ein 32. plass i NM. I alt fekk han 3 første, 7 andre-, i fjerde-, i femte, og altså 132. plass.
Olav Ringdal: Han gjekk i klasse 13 år. Olav vart kretsmeister og tok ein 13. plass i Områdemeisterskapet. I alt hadde han ein fin sesong med 9 første- og 2 andreplassar.
Hans Hole: (Klasse 12 år) Hans deltok i 7 renn og fekk desse plasseringane. 2 fjerde-, 3 femte- og 2 sjuande plassar.
Inge Johan Tryggestad: Han starta i klasse 11 år. På dei sju renna fekk han 3 andre-, 2 tredje-, 1 fjerde- og ein femte plass.
Asgeir Hole: Han gjekk i same klasse som Inge Johan med desse resultata: 2 første- 2 tredje-, 2 femte og i sjuande plass.
Inge Hole: Den tredje av brørne starta i klasse 10 år. Inge fekk i første, 2 andre-, 2 tredje- og i femte plass.
Arild Ringdal: Han starta i to renn i 13-års klassa og fekk i tredje- og 1 femte plass.
Lars Rørhus: Vi finn han på premielistene første gang i 1932! I klasse over 57 år fekk han no 43 år seinare 1 fjerdeplass!
Stafett: Gisle Åland, Olav Ringdal og Arild Nybø vart kretsmeistrar i 3 x 3 kilometer stafett. Asgeir Hole, Inge Johan Tryggestad og Hans Hole vann samstundes ein innlagd stafett over 3 x 1,5km.
Totalt for laget vinteren 1975:
38 førsteplassar, 20 andreplassar, 12 tredjeplassar, 5 fjerdeplassar, 9 femteplassar i sjetteplass, 4 sjuandeplassar + dei resultat frå NM som er nemnde ovanfor.
Sommaridrett
Det var ikkje så svært stor aktivitet mellom medlemmane i laget sommaren 1970. Som vanleg var stafettlaget ofte ute og deltok. Men Breimstafetten gjekk dei glipp av. På grunn av teleløysing gjennom Hornindal kom dei seg ikkje av stad. Men i fire andre stafettar vart det stilt lag. Best gjekk det for seg for seniorane i Ørsta-stafetten, der Sunnylven vart nr. 2 etter heimelaget.
I Patchellstafetten gjekk laget på ny ned i B-klassa. Gutelaget deltok og. Beste plasseringa deira var ein 3. plass i Voldastafetten.
John Ringdal vart som vanleg kretsmeister i spyd. Han deltok og i ei rad andre stemne, som oftast med siger. Også i NM stilte Ringdal opp, men her vart han uplassert.
I KM for gutar gjorde Arne Ringdal, Rune Tryggestad og Kjell Halvorsen ein flott innsats. Dei vann 3-dobbelt i kule klasse 16 år, i den rekkjefølgje som er nemnde ovanfor.
For 1971 manglar resultata for sommarsesongen i protokollen Men det var brukbar aktivitet i laget. Stafettlaget vart mellom anna nr. 3 i sin eigen stafett der Ørsta vann. I Patchellstafetten vann laget kl. B og tok pokalen til odel og eige. Desse løparane stod for denne fine prestasjonen: Arne Korsbrekke, Oddmund Fivelstad, Paul Tronstad, Jon Langeland, Jan Olav Tryggestad og Kåre Helset.
Selhammarmarkløpet vart og avvikla dette året, og Jon Langeland sigra klart. Saman med Jan Olav Tryggestad var det han som nådde dei beste resultata i terreng- og baneløp.
I friidrett elles var John Ringdal den beste dette året og. Han vann på ny KM, og han sigra elles i dei fleste tevlingane han deltok i, utan å nå dei heilt store lengdene. Ringdal deltok ved NM på Hamar.
Arne Ringdal og Rune Tryggestad fekk Og gode plasseringar denne sesongen, særleg i spyd, men og i kule. I 1971 var det ein del aktivitet med volleyball, med trening på Hauge skute.
Sommaren 1972 vart det lagt opp til ein uvanleg stor aktivitet i laget. Det vart mellom anna søkt om heile 26 approberte stemner i kast. Laget hadde i dette høvet investert i kule- og diskosring samt ei kunststoffmatte til tilløpet for spydkast. Ved eit av desse stemna kasta John Ringdal over gjeldande kretsrekord i spyd.
Laget avvikla denne sommaren KM i terrengløp over 8 km. Birger Stenhjem frå Å.I.L sigra klart. Av laget sine eigne vart berre Jan Olav Tryggestad i jr. klassa plassert. Sunnylvsstafetten gjekk for 5. gong, utan at S.I.L. nådde opp. Det gjorde dei heller ikkje i dei andre stafettane dei deltok i.
Til dei årlege interkretskampane mellom Sunnmøre og Sogn og Fjordane vart 3 frå laget uttekne. Av seniorane var John Ringdal med i kule og spyd med ein 3. og 1. plass som resultat.
Arne Ringdal og Rune Tryggestad var uttekne til gutelaget. Arne tok like godt to 1. plassar i kule og diskos, medan Rune fekk 3. og 4.plassar i dei same øvingane.
Desse gutane saman med Jan Olav Tryggestad stilte og opp i KM. Her vart det to nye gull til Ringdal i kule og spyd. Rune Tryggestad fekk 2. og 3. plass desse øvingane, medan Jan Olav Tryggestad avslutta den store medaljehausten med ein 3. plass på 800 meter.
I 1973 fekk Sunnylven kretsmeistrar både i spyd, kule og diskos og junior og senior ved John og Arne Ringdal. I alt 6KM gull!
Stafettlaget deltok i to stafettar, då med lag både i senior og juniorklassa. Men resultata var ikkje så gode.
Også dette året vart det søkt om approberte kaststemne. Men laget fekk ikkje bana godkjent til desse tevlingane Det var og hausten 1973 at laget for alvor kunne starte opp med treningskveldar innadørs. Oppslutninga var svært stor og spreidd på gledeleg mange aktivitetar og alderssteg. Som eit døme kan nemnast at volleyballtreninga samla heile 38 menn og 18 kvinner. Til saman var det over 100 deltakarar fordelte på del ulike aktivitetane.
1974 var eit godt år for sommaridretten i laget. El mengd unge løparar deltok til dømes i terrengløp, baneløp og stafettar. Her kan vi herre ta med dei beste resultata.
Ved KM lang løype fekk Andreas Ringdal bronsemedalje, medan han i Aksla-løpet slo til og gjekk til topps.
Til terrengløpet på Åheim sende laget 7 gutar. Her vart det klassesiger til Arild Nybø Roar Ljøen og Ole Ragnar Korsbrekke. Mest dei same løparane stilte opp i KM I terrengløp. Her var det berre Roar Ljøen som gjekk heilt til topps medan Arild Nybø og Ole Korsbrekke fekk sølvmedaljer.
Også KM I friidrett vart ein suksess for unggutane i laget. På ny var Roar Ljøen den fremste med tre medaljar, ei av kvar valør. Eldar Parr sigra på 60 meter, og Arild Nybø avslutta medaljehausten med siger på 600 meter.
I KM for senior og junior hadde laget tre deltakarar. Arne Ringdal tok to gull, i kule og diskos, John Ringdal gull og sølv i dei same øvingane i seniorklassa. I kule senior sikra så Svein Nekstad dobbelsiger til laget med sin andreplass. Desse to siste vart og uttekne til interkretskampen i friidrett, der dei gjorde ein heiderleg innsats.
Fleste resultatet sitt nådde John Ringdal også dette året i spyd, då han sette ny kretsrekord med heile 68.50 meter.
Gutestafettlaget hadde og ein aktiv sommar. I Patchellstafetten vart dei nr, 2 av 9 lag, og i Veten I.L. sin stafett gjekk dei heilt til topps i ei verkeleg hard konkurranse.
I dei andre stafettane vart det og brukbare plasseringar.
Det første større arrangement laget stod for i 1975 var KM senior og junior. lier var det og lagt inn eit terrengløp for del yngre Malvin Stein, Hareid, vann ein sikker siger i seniorklassa. Ole Korsbrekke, Amund Hole og Eldar Parr leverte alle fine løp og vann sine klassar mellom gutane.
På Skodje stilte laget ei fyldig tropp til terrengløp. Ole Korsbrekke gjekk heilt til topps, med løparar som Arild Nybø, Eldar Parr og Olav Ringdal gjorde og fine løp mot sterke motstandarar.
I KM for gutar i friidrett fekk laget to gull, ved Eldar Parr på 60 meter og Arild Nybø i spyd- Den same Eldar fekk seinare to fine 2, plassar ved Akslaleikane, Eldar Parr deltok og, som einaste frå laget, ved ein landsfinale for gutar på Kongsberg, og han hevda seg godt både i lengde og på 60 meter.
John Ringdal var også i 1975 den av seniorane som hevda seg best. Han sigra i fleire større spydkonkurransar, og han vart mellom anna teken ut både til ein interkretskamp og ein landsdelskamp mot Midt-Sverige. Dessutan stilte Ringdal opp under NM i Bergen. Men det mest gledelege var utan tvil den nye fylkesrekorden han sette under Tresfjordleikane. Her kasta han spydet heile 72.36 meter.
For gutestafettaget gjekk det ikkje fullt så godt som året før. Det vart ein fin 5 plass i Patchellstafetten, og den same plasseringa fekk dei i Veteranstafetten, der del altså hadde ein siger å forsvare.

