Små glimt frå lagssoga

Også her er det Johs. Kjellstad sr. som er kjelde:

I sine beste år arbeidde Langedalens idrettslag på breitt grunnlag. Så å seie kvar unggut, ja jente og, var aktive. I tida fram til 1925 hadde nok Langedalen skihegemoniet på Sunnmøre. Fleire av dei næraste bygdene baud løparar frå laget inn til skirenn, eller helst demonstrasjonsrenn. "Og vi var ikkje uviljuge heller, så festleg dei gjorde det for oss, endå vi ofte kom så mannsterke som 10-15 stykke", fortel Kjellstad.

1905
Skirennet vart halde ovanfor Framigardshusa på Kjellstad. Der hadde dei oppdaga ein 18-meters bakke med naturleg svevekurve. Skiutstyret hadde betra seg mykje berre sidan 1904. Mange hadde no skaffa seg ski med innsydde rør og klemme over. Mange slike klemmepar laga dei i Heimigard i dei åra. Det fins truleg att slike ski den dag i dag.
Etter skirennet var det skifest med pakkeauksjon på Kjellstad. Pakkane for auksjonen hadde jentene i laget laga, og desse gav pengar til premiekjøp. Dette var tradisjon, og mang ei sølvskjei hadde desse pakkane skaffa.
Langrennet dette året gjekk rundt Tronstad-grenda, med start og innkomst på isen under Storebrua. Ole "ut i Lia" vann og fekk Centralforeningen sin premie.

1906
Hopprennet dette året var i ein bratt bakke utan "kul" ovanfor Lillebø. Det var stor fallprosent, men med ståande hopp opp til 18 meter. Folkemengda i bakken var større enn før. Til og med prost Ludvig Nilsen kledd i ulveskinn kom dit etter preika.
Langrennet starta ved bakken og gjekk ut Nibbedalen til Haugen, og så heim att til Syverhusa på Tryggestad. Jon M. Kjelstad, på sjølvlaga ospeski og utan stavar, gjekk fortast og vart dagens mann. Dei fleste andre langrennarane hadde ein eller to lette tre-stavar utan kringle.

1907-1909
Skirenna desse åra var i bakkar på Kjellstad. Siste året i ein større bakke ved Heimigard. Peder Kjellstad var komen frå Norderhov med ein svevstil og sitt sikre, lette litt knedjupe nedslag. Hopplengdene låg på 25 m jamtover. Langrenna starta ved bakken og gjekk til fylkesgrensa og attende til eit eller anna tun på Tronstad. I Desse tuna var det så i tur og orden halde skifestar.

1910
Mest truleg var det dette året Peder Kjellstad deltok på eit amtsrenn i Molde. Han vann her 1. premie i klassa under 20 år.

1911
Ålesund Skiklubb baud inn til stort renn på Sandal. Ein heil flokk unggutar frå laget for gjennom Norangdalen og vart med i rennet. Skuleelevar frå Volda tok 1. og 2. premie i guteklassa. Resten av premielista skildrar Sunnmørsposten slik: "Men så kom Langedølene i rad og rekke og tok dei øvrige premier". Rasmus P. Tronstad vart nr. 3 her.
Eit utklipp frå "Sunnmørsposten for 50 år sidan" gjev oss og eit anna blikk inn i året 1911.
Notisen i avisa har tittelen "Skisporten", og fortel om ei hoppkonkurranse som vart halden på Fivelstad, i meir uformelle former. Mellom annavar ikkje unnarennet skikkeleg preparert. Vi lar innsendarane "Flere tilskuere" få ordet frå 15. april 1911:

"En av de flinkeste i laget Lars Kjellstad, søn av agronom J. Kjellstad, sa at han vilde forsøke et ordentlig hopp. Han tok saaledes et alvorlig tilrend, som der er god anledning til, og under tilskuernes spænding kom han susende i en umaadelig høide nesten ned under bakken. Der var seen saa løs, at flad var uundgaaelig. Mean kan tenke seg tilskuernes jubel, da man hørte at baade gutten og skierne var aldeles uskadte, Der blev foretatt nøiagtig oppmaaling av hoppet som viste sig at være 40 1/2 meter fra nedslaget til hoppet. Det er det lengste hop paa ski, som vi kjender til her i landet."

Med det same ein er inne på lange hopplengder, kan det vere på sin plass å nemne litt frå eit renn i 1916 (eller -17). I Stibakken hoppa då Peder Kjellstad 42,5 meter ståande. Same lengda nådde Johs. Kjellstad, men han måtte overende. Med dette hoppet var Peder Kjellstad på høgde med dei beste lengdene i landet på den tida.

1912
Dette var ingen snøvinter. Til langrennet fann ein fram til ein hoppbakke ovanfor Fivelstadhaugen. Der vart det halde renn 2. påskedag på skaresnø. Vanskelegaste var det å få legge langrennsløype på avrongen. Men Sætre-Knut hadde vore i "Garden" og hadde lært å merke løyper med band av papir. Det kom vel med her. Festen etter rennet vart halde på hotellet, og samla mykje ungdom. Dette året vart det søkt om Centralforeningens premie til idrettsleikane 17. mai. Desse premiane var det gutane frå Hole og Bjørdal som strauk av med. Men også 2-3 ringdøler var med, og dei hevda seg betre året etter saman med andre frå Hellesylt. Truleg var det og dette året det vart halde kapproing 17. mai.

1913

Før og under 1. Verdenskrigen heldt mellom andre "Framsteg" fleire renn på Flofjellet. Her frå eit hopprenn i 1912-13.


Laget hadde hopprenn i slutten av februar i Heimigardsbakken. Lauritz Kjellstad vart best her og hadde eit lengste hopp på 25 meter. Langrennet 2. påskedag vann Oskar Kjellstad med heile 10 min. margin til neste mann. Også dette året var det idrettsleikar 17. mai, med premiar frå Centralforeningen. Dette året vart det også skipa til eit skeisserenn på elveisen på Tronstad. Det var god deltaking både frå Hellesylt og Dalen. Og så seint som i mars var tre mann frå Langedalen med i eit skeisserenn som "Framsteg" arrangerte på Helsetvatnet.

1914
Skirennet vart halde i største Heimigardsbakken. Det deltok dette året også 2-3 gutar frå Hornindal, og dei hadde ein god hoppar i R. R. Grodås. Vi skal ta med litt her om reglane for karaktergjeving på den tida: Det vart gjeve karakterar frå 1 opp til 25 får ståande hopp. For hopp med fall vart det gjeve opp til 4. Lengdekarakter vart det og gitt, etter ein skala frå Centralforeningen, og dessutan langrennskarakter frå 1, med tillegg for kvart halvminutt i kombinert. Det tidlegare nemnde 4-meters trekket for fall var det for lengst slutt med.
Jentene var og aktivt med i renn no. Dei hadde starta med bakkerenn. Men dei hadde vanskar med bindingane til dameskohælar!

1915, eit merkeår
Idrettslaget og undomslaget i dalen tok dette året på seg å arrangere eit skirenn Sunnmøre Ungdomssamlag gjerne ville få til. Rennet samla rett nok ikkje så stor deltaking som ein hadde venta, men to av dei fremste Liabygdarane Nils Overå og Nilse E. Ringset var med i langrenn og bakkerenn. I bakkerennet deltok og 3 jenter: Olianne Røyrhus, Synnøve Røyrhus og Marta Kjellstad. Rennet vart ein stor suksess og samla mykje publikum. Som vanleg var det både flagg og kornettonar i bakken. At rennet og festen var vide spurt viser det faktum at det kom publikom både frå Hornindal og Geiranger.

1916-1918
I tillegg til det Johs. Kjellstad fortel har vi og frå desse åra bevart ein møteprotokoll for laget. Frå denne går det fram at laget var inne i ein aktiv og god periode. Lagsrenna til dømes, samla god deltaking. Rundt 30 stilte opp kvart år. I desse åra stod det og fram ein ny generasjon unge ogsvært lovande løparar.Særleg hadde laget mange gode hopparar. Vi veit at desse deltok ofte i renn utanbygdes og. Men vi har bevart så få resultat at det kan vere vanskeleg å yte rettferd til dei mange dugande idrettsmenn laget hadde i denne perioden.

Dei 3 Kjellstad-karane Laurits, Olav O. og Johannes sikra seg fleire fine plasseringar både i krets- og distriktsrenn. Peder Tronstad og dei 3 karane med Tryggestad til etternamn Ingvald I. O., Jakob og Jørgen J. var alle allsidige idrettsmenn med fine plasseringar både i hopp, langrenn og kombinert. Sist men ikkje minst må Rasmus R. Kjellstadli (Smessen) nemnast. Han var ein kraftkar, sterk i langrenn og stø i hoppbakken. Dette gjorde han mest uslåeleg i kombinert.
Utanom dei renn som laget sjølv arrangerte, deltok og som før nemnt løparane frå Langedalen flittig i utanbygdes renn.

I 1916 var om lag 10 løparar med i eit renn som Stranda ungdomslag stod for. Dei 3 jentene frå laget gjorde ein fin innsats, mellom hopparane var det R. R. Kjellstadli og Johs. Kjellstad som hevda seg best.

I 1917 var det Valldal ungdomslag som baud Langeedølene inn til eit demonstrasjonsrenn. Ingvald Tryggestad vann hopprennet her. Men det som kanskje best vart hugsa frå rennet var eit meisterstykke Rasmus O. Tryggestad gjorde. Han hoppa langt, slo på tvert i nedslaget og for piskande på skaresnøen bort gjennom småskogen ved bakken. Men han fekk ståande hopp! I langrennet her sigra Johs. Kjellstad.

Sunnmøre Skikrets vart skipa i 1918. Jørgen J. Tryggestad var laget sin utsending her, og han vart vald inn i det første styret i kretsen.
Langedølene hadde vore nokså suverene både i skisporet og i hoppbakkane i dei krets-renn som var haldne. Men konkurransen vart større etter kvart. I krinsrennet i Liabygda i 1918 måtte dei såleis alle sjå seg slegne i langrenn av Peter O. Overå som her gjekk på heimebane. I hopp derimot fekk Sunnylvingane liten konkurranse. Johs. Kjellstad sigra suverent her. Laget sikra seg og første aksjen i den oppsette vandrepokalen.

1919
I 1919 gjentok Sunnylvingane bedrifta og tok eit nytt napp i vandrepokalen i langrenn. R. R. Kjellstadli og Jørgen J. Tryggestad tok her 1. og 3. plass. Dette året deltok og løparar frå laget i eit større renn i Sykkylven. Langrennet gjekk ein laurdag. Johs. Kjellstad fekk diverre ikkje delta her. Han var undervegs på ski og gjekk heile den lange turen!

Hoppbakken som skulle nyttast dagen etter var for liten syntes Langedølene. Hoppet var plassert midt i bakken. Dei kravde å få flytta hoppet langt høgre opp i bakken, og bygde sjølve eit hopp der Peder Kjellstad fekk førstepremien i hopprennet saman med ein trønder.


Frå 1920
Frå 1920 veit vi at det på ny vart konkurrert om den før nemnde vandrepokalen i langrenn. Dette året var imidlertid Valldalingane dei sterkaste. Pokalen kunne Langedølene først sikre seg til odel og eige ved rennet i Stordal i 1922.

Sommaridrett
Også om sommaren heldt laget fleire arrangement kvart år. I 1916 til dømes, baud laget inn til idrettsstemne på Nibbedalshaugen. Stranda Idrettslag og heile Sunnylven herred var inviterte. Stemnet samla god deltaking, og det vart konkurrert i heile fem øvingar: ulike løp- og kastøvingar og eit sykkelløp.

-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven