Skipingsmøtet
Rasmus P. Tryggestad var den første formannen i laget
Til bestyrelse valgtes:
Rasmus P. Tryggestad: formand
Ole A. Kjellstad: viseformand
Karl K. Rørhus: kasserer
Ola A. Langeland: instruktør
Supleanter:
John Kj. Kjellstad
????"
Slik vart skipningsmøtet i Langedalen idrætsforening skildra i lagsprotokollen. Vedtekter for laget vart godkjende 5. februar same året. Av desse vedtektene kan ein sjå kva føremål laget hadde og kven som kunne verte medlemmar. Vidare fastsette lovene mellom anna storleik på den årlege kontingenten og reglar for bestyrelse og generalforsamling. Det første grunnlaget var lagt!
Første året hadde laget 36 innskrevne medlemmar. Alle var menn. Desse var:
Andrias Karbø Ingebrikt Karbø Ole Slettebak Ole A. Langeland Anders A. Langeland Bye A. Langeland Rasmus P. Tryggestad Petter P. Tryggestad Petter I. Tryggestad Ole I. Tryggestad Andreas I. Tryggestad Lars I. Tryggestad Jørgen I. Tryggestad Lars H. Tryggestad Steffen H. Tryggestad Ole A. Tryggestad Andrias A. Tryggestad Syver K. Tryggestad | Lars L. Fibbelstad Rasmus L. Fibbelstad Ole A. Kjellstad Anders A. Kjellstad Ivar J. Kjellstad Johannes O. Kjellstad Ole A. Langøli Anders A. Langøli Lars Petter S. Tronstad Karel K. Rørhus Syver O. Rørhus Ole A. Rørhus Anders P. Rørhus Peder S. Rørhus Sergent K. Tronstad John J. Langøli Ole Severin Langøli Ole Elias Kjellstad |
Det første idrettsarrangementet i lagssoga var eit premieskirenn 7. mars 1901. Her vart det konkurrert i to klasser: kombinert for deltakarar over 20 år og hopp kl. 16 - 20 år. Rasmus P. Tryggestad vann kombinert og hadde dagens lengste hopp - på 8 meter! Ole Kjellstad vann hopprennet. Det vart ikkje gjeve stilkarakterar i rennet. Men regelen var at om ein mann fall, vart han trekt 4 meter. Var ein så uheldig å dette på lengda 3,5 meter i første omgang, vart ein følgjeleg skuldig 0,5 meter til andre omgang!
Nyaste saker

