Liten aktivitet i laget

Vinteridrett
Skirenna starta tidleg på nyåret 1955, 23. januar deltok Rolf Sæter på eit renn i Velledalen. Gjennom heile sesongen var det mest herre han og Lars Rørhus som representerte laget utad. Rolf Sæter sikra seg fleire gode plasseringar. Mellom anna vart han Kretsmeister i si klasse på 30km, og han tok leire 1. og 2. plassar i andre renn i distriktet. Lars Rørhus vann kl fl i kretsrennet på Tryggestad dette året. Utanom dette kretsrennet vart det og arrangert gutehopprenn på Tryggestad, der laget fekk ein siger i kl. under 9 år. Sesongen var i det heile ikkje av dei store for laget. Heller ikkje i lags- og merkerenn var det særleg god oppslutning.

Lagsmeistrar vart i hopp: Erling Hole, langrenn Rolf Sæter og i kombinert Olav Hauge.

For dei neste 4 sesongane er det særs sparsame opplysningar vi tinn i lagsprotokollen. Om aktiviteten i laget dermed verkeleg var nede i ein bølgjedal er ikkje lett å slå fast, men mykje tyder på det.

For 1956 har vi herre resultatet frå eit distriktsrenn i langrenn på Tryggestad. Men ingen frå laget hevda seg her.

For 1957 har vi resultata trå lagsrennet. Her vann som så ofte før Rolf Sæter langrenn, medan Harald Åsen vann både hopp og kombinert.

For 1958 har vi så herre opplysningar om lagsrennet for gutar, der det i alle fall stilte så mange som rundt 25 deltakarar.

For året 1959 er opplysningane noko fyldigare. Men det er tydeleg at laget ro manglar folk både i hopp og langrenn som kan hevde seg mellom del beste i krets og distriktsrenn. Gledeleg er det då at så mange i dei aldersbestemte klassene slutta opp om arrangementa i laget. S.I.L arrangerte distriktsrenn i hopp for gutar dette året men laget sine deltakarar kom et stykke ned på resultatlistene.

I lagsrennet merkar vi at det vart nye meistrar både i hopp og langrenn ved Per Kjellstadli og Jørgen Vollsæter. Den siste sigra etter hard sekundstrid med Rolf Sæter, som for første gong på lenge måtte sjå ein frå S.I.L tore seg på premielista.

Sommaridrett

Som biletet syner var bana ved Jogardsbøen ikkje noko god fotballbane. Men aktiviteten var likevel stor der fleire somrar.
Det var få aktivitetar i laget sommaren -55. Den 26. juni deltok laget i Patchellstafetten på øye med ein 4. plass som resultat. 28, august vart det så spela ein fotballkamp mellom S.I.L og Hornindal, Det vart ein solid siger 6-0 til Hornindal. Kampen vart spela her på "Leikvoll".

Så må vi heilt fram til sommaren 1959 før vi på ny tinn referat frå sommaridrett i Iagsprotokollen. Denne sommaren vart det spela 4 fotballkampar. Gutelaget spela først 3~3 mot Hornindal og slo seinare Eidsdal heile 6-0, A-laget kunne vise til særs varierande resultat. Først vart det siger over eit lag frå Øye/Urke med 1-2 også tap for Hornindal 1-7.

-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven