Langrenn vert den dominerande vinteridretten

Vinteridrett
I 1965 skipa S.I.L til i alt 5 skirenn. Interessa for å delta var aukande. Sjølv i dårleg ver tok 19 deltakarar skimerket, og i Bedriftsstafetten stilte denne gongen heile 7 lag. Rett nok var det berre 3 av desse som talde med i pokalkonkurransa. Bedriftsstafetten vart avvikla på Tronstad under dei beste vertilhøve. Denne gongen var det "Trio" som gjekk til topps føre "Ole Ringdal" og Sunnylven Meieri.

I Sonerennet for gutar gjorde Sunnylvingane ein fin innsats med fleire 2, plassar, men diverre ingen siger denne gongen.

20-21. mars vart det skipa til ope renn. Men dette vart skjemt av dårleg ver. Såleis måtte hopprennet til sist avlysast. Fleire av laget sine beste langrennarar måtte og bryte. Det var berre juniorane Martin Kåre Bjørdal og Kåre Helset som nådde heilt opp. Dei sikra til gjengjeld laget ein fin dobbelsiger.

Lagsmeister dette året vart Paul Tronstad. Han vann også dette året både langrenn og hopp!

Det er sparsamt med opplysningar om laget sine løparar i utanbygds renn denne vinteren. Men vi veit at Paul Tronstad vart nr. 2 i klasse C i eit renn på Strandafjellet.

1966-sesongen vart oppløftande for laget. Særleg Paul Tronstad nådde fleire fin-fine resultat i større renn. I lags- og merkerenn var der opp til 30 deltakarar. Laget tok og på seg fleire omfattande skiarrangement.

Paul Tronstad stod i 1966 fram som ein av dei beste på Sunnmøre i langrenn og kombinert. Han fekk ei rad 1. plassar i kl. C. Mellom anna vann han kl C i langrenn I KM på Stranda med dagens 4. beste tid. Dagen etter sikra han seg så KM i kombinert.

Ved Vestlandsmeisterskapet i Ørskog vart Tronstad nr. 4 i kombinert, og i "VM-gallaen" på Strandafjellet vart han beste sunnmøring. I lagsrennet dette året måtte likevel Tronstad ta til takke med to 2. plassar. Jørgen Vollsæter vann på ny langrennet, medan Asbjørn Nybø sigra i hopp. Tronstad vann likevel klart i kombinert.

Hopparane kunne ikkje vise til dei same gode resultata. Men deltakinga var slett ikkje verst. 1 elt stort hopprenn arrangert i Tryggestadbakken fekk ein og høve til å sjå del seinare storhopparane Ingolf Mork og Hans Jørgen Næss i aksjon. Del sigra klart i kvar si klasse. Nytt dette året var eit renn i skiskyting. Det var etter kvart vorten stor interesse for denne idrettsgreina i laget, og 8 mann stilte til start i eit lagsrenn, med Oddmund Fivelstad som sigerherre.

Sesongen 1967 vart innleidd med KM i langrenn 3 x 10km. Her sikra S.I.L seg ein fin 3. plass i seniorklassa. Paul Tronstad følgde opp suksessen frå -66 sesongen. Ved KM på Stranda sigra han like godt både på 15 km, og i kombinert - ein flott prestasjon! Seinare vart han nummer 2 i KM 30 kilometer. Også Jørgen Vollsæter, Oddmund Fivelstad og John Arne Langeland deltok flittig i langrenn. Del sikra seg og fleire fine plasseringar i si klasse. Såleis vann Langeland og Vollsæter dobbelt i kl C i KM 30 kilometer. Langeland sigra og i elt områderenn på Tronstad føre ein så god løpar som Per Kjell Åland frå Markane.

Den gode deltakinga i lagsrenna heldt seg opp att dette året og. No kunne ingen stoppe Paul Tronstad i langrennet, medan Oddmund Fivelstad tok seg av hopprennet.

I Bedriftsstafetten var det Ole Ringdal´s som vann i pokalkonkurransa. Langedalens Jaktlag hadde best tid, men stilte utanfor konkurransen.

Vintersesongen 1968 vart på mange måtar ein god sesong for laget. Rett nok makta ikkje langrennsløparane å hevde seg heilt i toppen i utanbygds renn. Men dei fekk mange brukbare plasseringar.

Særleg gjorde Paul Tronstad det bra. Han vart mellom anna utteken på kretslaget i stafett dette året. Ved KM 15 kilometer vart Paul Tronstad nr. 2 i klasse fl, og han nådde gode resultat både i område- og kretsrenn.

I lysløyperennet som laget arrangerte på Karbø gjekk såleis Tronstad heilt til topps. Rennet samla 16 deltakarar, og løypa fekk mykje vellete frå løparane ved dette høvet. I dette rennet vann og Per Langeland kl. fl. Utanom Paul Tronstad deltok ~6 andre seniorar flittig i renna rundt om i distriktet. Men ingen av del makta hevde seg. Best av gutane var Andreas Ringdal.

Gjennom heile sesongen var det ofte vanskelege snøtilhøve, noko som førte til at mellom anna to KM måtte avlysast. Då 3 x 10 km stafett i KM vart arrangert, fekk laget ein fin 3. plass etter Geiranger og Emblem. Desse løparane gjekk for Sunnylven: Jørgen Vollsæter, Oddmund Fivelstad og Paul Tronstad . Mange løparar frå laget deltok så i Holmøyskarrennet og hevda seg godt.

Laget stod og denne sesongen for ei hell rekkje skirenn. Det vart arrangert lysløyperenn, guterenn i hopp og langrenn, ope renn i langrenn og skisportens dag.

I 1969 vart det arrangert ei mengd skirenn rundt om i distriktet. S.I.L deltok berre med langrennsløparar. Hoppsporten låg mest heilt nede i bygda på denne tida. To av løparane - Paul Tronstad og Oddmund Fivelstad -deltok særs flittig dette året, i alt i ca. 17 renn.

Paul Tronstad nådde dette året svært gode resultat og var mellom dei 2-3 beste langrennsløparane på Sunnmøre. Gjennom heile vinteren hadde han mange harde nappetak med Syver Hovdenakk frå Ørsta, Tronstad sigra og mange gonger her. Hogst ragar nok sigeren hans i Kretsmeisterskapet på 15 km. I Norgesmeisterskapet på 15 km. vart Tronstad nr. 28 i kl. fl. Denne gongen slo han Hovdenakk med 1.45 minutt. I dei aller fleste renn elles i sesongen vart han ikkje dårlegare enn nr. 2.

Oddmund Fivelstad nådde fleire fine plasseringar i kl, G. Han vann mellom anna denne klassa i eit renn på Åheim og vart nr. si KM 15km.

S.I.L arrangerte to skirenn denne vinteren. Særleg samla lysløyperennet god oppslutning.

Mange frå laget deltok og i Holmøyskarrennet. Men breidda i langrenn var ikkje lenger så stor i laget.

Sommaridrett
Sommaren 1965 var det svært liten aktivitet i laget. Det vart spela 3 fotballkampar, mot Valldal og Hornindal.

John Ringdal deltok i KM for juniorar. her vart han nr. 2 i lengde u.t. med 3,05 meter. Same plasseringa fekk han i KM for gutar.

Stafettlaga har vore flittige deltakarar og nådd fleire gode resultat. Her etter siger i Strandastafetten. Bak frå v.: John Langeland, Jørgen Wollsæter og ????. Framme frå v.: Oddmund Fivelstad, Paul Tronstad og John Ringdal
I mai 1966 skipa laget til terrengløp på Hauge. Deltakinga var god, særleg I dei aldersbestemte klassene. Kåre Helset sigra klart i kl. junior. I seniorklassa vann sunnylvingane 5-dobbelt. Men her var det lita deltaking av utanbygds løparar. Best vart Paul Tronstad røre Jon Arne Langeland og Jørgen Wollsæter.

Stafettlaget hadde ein god sesong. Det vart siger i kl. B i Patchellstafetten og i Strandastafetten. I Olden vart laget nr. 6 av heile 14 lag. I det tradisjonelle Patchelløpet vann Kåre Helset jr. klassa, medan Paul Tronstad og Jon Langeland vart nr. 2 og nr. si klasse fl.

I 1967 stilte Sunnylven for første gong lag i den store Breimstafetten. Laget gjekk her like godt til topps i kl G. Og det vart fleire sigrar. Både i Firda- og Oldenstafetten gjekk laget til topps i si klasse. Dessutan vart det ein 2. og ein 3. plass i andre stafettar.

Paul Tronstad og Jon Langeland var også denne sesongen dei beste terrengløparane i laget. Både i Patchell-løpet og i eit løp på Ørskogfjellet var del mellom dei 5 beste utan å gå heilt til topps.

Også i -67 vart det halde terrengløp på Hauge. John Langeland og Paul Tronstad vann dobbelt i kl fl føre sterke løparar. Det var og gledeleg at så mange guteløparar frå S.I.L stilte opp. Oddvin Korsbrekke og Inge Bjørdal, samt Kåre Helset i jr. var dei fremste denne gongen. Men ingen av dei nådde heilt opp.

I 1968 vart Sunnylvsstafetten arrangert for første gong. Han samla bra deltaking, og publikum slutta og godt opp om tevlinga. S.I.L stilte ber 2 lag som vart nr. 4 og 5.1 Breimstafetten var no laget i A-klassa og vart her nr. 10. I Volda- og Patchellstafettane vart det 2. plassar.

Paul Tronstad og Jon Langeland hevda seg godt i nokre terrengløp. Men det var i friidrett laget fekk dei fremste prestasjonane.

John Ringdal stod no fram som ein uvanleg dyktig og talentfull spydkastar. Han vart mellom anna Fylkesmeister, og i junior-NM stod han for ein ypparleg prestasjon. Han vart her nr. 3 - den beste plasseringa nokon frå S.I.L har nådd i eit nasjonalt meisterskap?. I kvalifiseringsomgangane - som ikkje talde med i finalen - hadde Ringdal like godt dagens lengste kast på heile 67,56 meter. Det var då ny kretsrekord for Sunnmøre. John Ringdal vann elles dei fleste spydtevlingane i distrikta omkring dette året.

Men og Arne Ringdal, bror til John nådde flotte resultat denne sesongen. Han vann KM for gutar både i lengde, på 100 m og i kule! I kule sikra Kjell Halvorsen like godt dobbelsiger til laget.

Sommaren 1968 deltok medlemmar i S.I.L i ei heil rekkje aktivitetar og nådde fleire flotte resultat. Stafettlaget hevda seg brukbart i dei 6 stafettane dei stilte i. I Patchellstafetten gjekk dei til topps i kl. fl. I laget sin eigen stafett tok Hyen I.L sin andre aksje. Også gutelaget til S.I.L var i aksjon fleire gonger dette året. Ved KM i terrengløp gjorde sunnylvingane ein fin innsats. Jon Langeland vann kl. B, og Paul Tronstad og Arne Korsbrekke sikra 3-dobbel siger.

Jonsokafta vart Selhammarmarkløpet arrangert etter fleire års opphald. Ti løparar stilte til start på Karbø-brua, og sprang den ny-rydda og gode løypa. Klassevinnarar vart Jon Langeland, Arne Ringdal, Einar Stokke og Per Langeland. Knut A. Hole tok imidlertid pokalen til odel og eige, då denne pokalen var oppsett til den løparen som hadde hest tid samanlagt etter 3 år.

I KM på 4 x 1500 m stilte Sunnylven lag og Oddmund Fivelstad, Arne Korsbrekke, Paul Tronstad og Jon Langeland sikra laget sølvmedaljen.

Elles må nemnast frå 1969 at Jon Ringdal sette ny kretsrekord i spyd med 67,90 meter.

-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven