Idrett på ny - etter tunge år

Freden førte til ein aktivitet i laget som meist aldri før. Både ung og gammal slutta mannjamt opp om alle dei ulike tevlingar og arrangement som vart haldne.
26. mai vert det halde særskilt møte i idrettslaget. Her vart det vald nytt styre for laget, med Ole Nybø som formann. På dette møtet vart det og vedteke å setje opp ein vandrepokal for eit terrengløp frå Karbø gjennom Selhammarmarka til Hellesylt.

Gjennom den lange idrettsstreiken hadde laget greidd å lure unna kassa med omlag 400 kroner, så ein starta ikkje økonomisk sett heilt på bar bakke. Men det var nok av oppgåver som skulle løysast. Særleg vart det arbeidd mykje med å få i stand ein idrettsplass.

3. juni var det Idrettens dag over heile landet. SIL arrangerte friidrettsstemne på Hellesylt den dagen. Oppslutninga var god, omlag 40 deltakarar i alt.
I oktober skipa så laget til ei prøve til fredsmarsjmerket. Heile 223 deltakarar, alle som prøvde seg, greidde merket. Eldste merketakar var Lars Vollsæter som då var 84 år. Det var i sanning ei imponerande mønstring av glede og innsatsvilje!

Elles var det så avgjort fotball som var den store sporten i fredsåret. Heile sju kampar spela A-laget mot lag frå bygdene omkring. Dessutan vart det arrangert fleire andre fotballkampar til inntekt for idrettsplassen. Desse kampane samla mykje folk - og var visseleg og svært morosame forestillingar. Ein kamp gjekk mellom vegarbeidarar og lærarar. Ein annan var mellom "Bygdajentene" og "Sjøajentene". Dei førstnemnde vann 1-0 etter ein spanande og morosam kamp. Ein tredje kamp spela handverkarane mot handelsstanden.
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven