God aktivitet - Varierande resultat
Vinteridrett
Det var god aktivitet i laget denne vinteren 1950. Oppslutninga om lags- og merkerenn var stor, og fleire løparar representerte laget i krets og distriktsrenn. Den største oppgåva laget løyste i denne sesongen var å arrangere kretsmeisterskapen i hopp, langrenn og kombinert.
Etter mykje arbeid med langrennsløypene vart kretsmeisterskapet i langrenn halde 25. mars. Deltakinga var stor, om lag 50 mann stilte til start. Det var sjølvsagt ikkje lett å hevde seg heilt i toppen her. Men to mann frå S.I.L. oppnådde fine resultat. I klasse B fekk Olav Hauge 2. plass, og same plassering fekk Lars Rørhus i klasse D. Dei fekk 5.- og 4. beste tida i rennet. Medan veret hadde vore strålande laurdag under langrennet, var ikkje ver-gudane så nådige søndag under hopprennet. På grunn av sterk vind måtte farta reduserast. Men bakken var godt preparert og det vart vist mykje fin idrett - til glede for heile 300 tilskodarar. I hopprennet nådde våre meir beskjedne resultat. Best var Rolf Tronstad med ein 4. plass i Kl. junior.
Til distriktsrennet i Hornindal denne vinteren sende laget to mann, og Lars Rørhus vann klasse D. Til eit renn i Ørsta reiste 4 mann - to i hopp og to i langrenn. Lars Rørhus tok ein ny siger, dei andre nådde ikkje heilt opp. Hopparane våre var rundt på nokre renn til, men utan å plassere seg mellom dei fremste. I kretsmeisterskapet i stafett fekk laget vårt ein 5. plass.
Lagsmeistrar dette året vart: I langrenn senior Lars Rørhus, hopp: Jakob Sæter og i kombinert Olav Hauge. 30 menn tok skimerket i 1950.
Skisesongen 1951 opna 21. januar med langrenn i Haugane, der Lars Rørhus tok ein ny siger. hopparane i laget hadde vanskar med å hevde seg i utanbygdsrenn denne sesongen. Heller ikkje langrennarane hadde nokon god sesong. Lars Rørhus i klasse D og Rolf Sæter i Kl. junior hevda seg i midlertid godt i fleire renn.
Heller ikkje i lagsrenna fekk vi endringar mellom dei beste seniorane. Mellom gutane var det derimot sterk kniving om dei fremste plassane både i hopp og langrenn.
Ein vandrepokal i kombinert, oppsett av H.U.L vann Olav Hauge til odel og elge dette året.
Nytt av året var ein pokalkamp mellom Geiranger og S.I.L. Pokalen måtte vinnast 3 gonger av same laget, og lei 6 beste frå kvart lag er talde med. Pokalen i langrenn vart for første gong vunnen av Geiranger vel 3 min. føre vårt lag, medan S.I.L vann hoppokalen over 100 poeng føre Geiranger. Hopplaget vårt var: Jakob Sæter, Rolf Fivelstad, Rolf Tronstad, Simon Åsen, Olav Hauge og Per Kjellstadli.
25. mars vart det i høve 50 års-jubileet skipa til gubberenn på Tryggestad. Skrivaren i laget dette året skildrar sine inntrykk frå rennet slik:
"Ein stor dag vart det, særleg for del av oss som hugsa då desse gubbane var på sitt beste, og sikkert av dei beste på våre kantar. Moro er det å sjå at dei enno ikkje har gløymt sine ting."
Resultat frå "Gubberennet" i jubileumsåret 1951:
1. pr. Anders Tronstad
2. pr. Harald Tryggestad
Hopp 42-50 år:
1. pr. Olav Stadheim
2. pr. Lars Hauge
Hopp over 50 år:
1. pr. Ingv. I.P. Tryggestad
2. pr. Rasmus Kjelstadli
3. pr. Johannes Kjellstad
4. pr. Ingv. I.0. Tryggestad
5. pr. Jakob Tryggestad
Langrenn 35-42 år:
1. pr. Sverre Alme 23.36
2. pr. Anders Tronstad 24.05
3. pr. Ansgar Langøylid 24.32
Langrenn 42-50 år:
1. pr. Lars I. Hauge 25.04
2. pr. Olav Stadheim 27.15
3. pr. Lars Sæter 28.00
4. pr. Ole O.J. Tryggestad 31.55
Langrenn over 50 år:
1. pr. Jakob Tryggestad 27.29
2. pr. Rasmus Tryggestad 28.28
3. pr. Rasmus Kjellstadli 28.33
4. pr. Ingv. I.P. Tryggestad 29.18
Kombinert 35-42 år:
1. pr. Anders Tronstad 228.1 poeng
Kombinert 42-50 år:
1. pr. Olav Stadheim 262.0 poeng
Kombinert over 50 år:
1. pr. Rasmus Kjellstadli 265.6 poeng
2. pr. Ingvald I.P. Tryggestad 264.9 poeng
3. pr. Jakob Tryggestad 255.5 poeng
I distriktsrennet som vart halde på Tryggestad vart Odd Hellebostad nr. 2 og Olav Åland nr. 3 i klasse B i langrenn. Lars Rørhus var som vanleg - ein sikker vinnar i klasse D og mellom juniorane tok Rolf Sæter ein fin siger. Den same Sæter fekk fleire gode plasseringar både i distrikts- og kretsrenn denne sesongen. I hopprennet var det ingen av våre som vart premiert, men Ivar Ringdal sigra i kombinert Kl. D.
Generasjonsskiftet i laget viser seg og frå resultata i lagsrenna. Det var avgjort størst deltaking i junior og guteklassene og vi fekk nye lagsmeistrar i senior: Oliver Hauge i langrenn og Sverre Nybø i hopp
Den andre pokalkampen mellom Geiranger og Sunnylven gav mest same resultatet som året før: Geiranger vann i langrenn, S.I.L i hopp.
Skisesongen 1953 var lang, og på mange måtar vellukka for laget . Særleg dei 3 langrenn-juniorane Rolf Sæter, Trygve Langøyli og Johs Kjellstad hevda seg fint i fleire renn. Både i KM og i eit langrenn i Velledalen tok dei 2, 3. og 4. pi. Den einaste som slo dei ved begge høve var Kåre Urke frå Skodje. Vinteren var elles snøfattig og med mykje dårleg ver. Såleis måtte krinsrennet som laget arrangerte utsetjast eingong, og då Rolf Sæter deltok i eit renn i Volda kom det til ei nokså uvanleg episode. Under rennet vart det slik storm og snøkave at alle løparane gav opp og kom til mål i ein flokk! Då krinsrennet på Tronstad endeleg vart avvikla, greidde Rolf Sæter å kome føre Kåre Urke på resultatlista, og han gjekk heilt til topps i si klasse. Siger vart det og på Lars Rørhus i klasse D. I eit renn i Ørsta 22. februar gjorde så juniorane våre reint bord og tok dei 3 første plassane. For laget var likevel resultata frå landsrennet i Hornindal høgdepunktet i sesongen. Her vann Oliver Hauge kl 8. Lars Rørhus Kl. D og juniorane tok ein 2., 3. og 5. plass. Lagsmeistrar dette året vart Rolf Sæter i langrenn, medan Olav Hauge sigra både i hopp og kombinert. Den årvisse pokalkampen mellom Geiranger og S.I.L vart avslutta dette året i og med at S.I.L vann pokalen i langrenn og S.I.L pokalen i hopp til odel og eige.
1954-sesongen synes på mange måtar å ha vore ein mellomsesong. Ski-interessa var tydelegvis nede i ein bølgjedal. Herre 7 stk. tok skimerket dette året, og deltakinga i lagsrenna var heller ikkje så stor. Olav Hauge forsvara så vidt meisterskapet sitt i hopp 1/lo p. føre den lovande junioren Per Kjellstadli. I langrenn kunne ingen stoppe Johs. Kjellstad denne gongen.
Desse to sistnemnde var og del som representerte laget i renn utanbygds. J. Kjellstad sikra seg to 1. og to 2. pl. i større renn, medan Per Kjellstadli i eit hopprenn i Langevåg vart nr. 3 og beste sunnmøring i juniorklassa.
Laget skipa til distriktsrenn i langrenn 13. mars, medan hopprennet måtte flyttast til Hornindal grunna snømangel. Ingen frå laget vårt vart premierte i desse renna.
Sommaridrett
Laget hadde i 195O ein friidrettsmann som hevda seg godt både på krets- og fylkesplan. Det var Olav Hauge. 13. august deltok han i KM i lengde og tresteg. Lengde vann han med 5,93 m. I tresteg vart han nr. 2 med 12.38 m. Desse fine resultata førte til at Hauge vart utteken til kretskamp mellom Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre. Her vart han nr. 4 i lengde. Dette var første gong laget hadde nokon på elt kretslag. Også i KM i femkamp gjorde Olav Hauge ein fin innsats. I lengde nådde han det gode resultatet 6.18 m. Samanlagt vart han nr. 2.
I 1951 deltok Olav Hauge igjen i KM i friidrott. No fekk han 3. plass både i lengde og tresteg. Elles er det sparsamt med opplysningar om sommaridrett desse åra - M .a - finn vi ikkje eit einaste fotballresultat frå desse to åra..
For 1952 er biletet heilt svart. Her har vi ikkje ein einaste bokstav om sommaraktivitetar i laget i protokollane.
Men i 1953 tok det til å Ijosne noka. Fleire ulike aktivitetar korn i gang. 25.mai deltok S.I.L i ein stafett på Øye. Av dei 5 laga som deltok kom S.I.L på ein fin 2. plass. I august vart det så arrangert terrengløp gjennom Selhammarmarka. Knut Å. Hole tok ein sikker siger her og ein aksje i den oppsette pokalen Frå før hadde Sverre Nybø ein aksje. I KM i friidrott var igjen Olav Hauge med. Denne gong vart han nr. 3 i tresteg Og nr. 5 i lengde. Denne sesongen vart det spela 2 fotballkampar begge mot Øye. Den første vart spela på Tryggestadbakken, og her vann S.I.L 6-1. Men i revansjeoppgjeret på Øye vart det tap for våre med 2-3.
Også i 1954 var det heller liten sommaraktivitet i laget. Laget fekk etter stor innsats klar ein ny idrettsplass til denne sesongen. Den første fotballkampen her vart spela mot Øye den ta. juni. S.1.L vann 6-2. Tre andre fotballkampar vart og spela, to mot Hornindal og ein mot Sæbø.
Til Patchell-stafetten blei det og sendt lag, og også dette året vart det ein 2. plass, herre 6 sek. etter vinnarlaget.

