Generasjonsskifte i laget
VINTERIDRETT
Opplysningane om sesongen 1921 er heller sparsame. Laget arrangerte kretsstemne dette året. I langrenn kl 1. fekk Knut I. Tryggestad ein 2. plass og R. R. Kjellstadli vart nr. 3.
I eit langrenn i Hornindal stilte laget med 5. mann, og her vart Rasmus Kjellstadli vinnar.
Lagsrennet i 1922 samla god deltaking og Ingv. I Tryggestad og Peder Kjellstad delte sigeren i hopp med 17.250 poeng. I langrennet vann Knut I. Tryggestad etter hard sekundstrid med R.R. Kjellstadli. Den same Kjellstadli vann sikkert i kombinert og fekk Møre distriktslag sin premie.
At løparane i laget var av god klasse på den tida, viser resultata frå eit stort langrenn i Stordal. R.R. Kjellstadli og Olaf Kjellstad fekk 2. og 3. plass i eit ren med heile 37 deltakarar.
I kl. 2 vart det dobbelsiger til laget. Men det som sterkaste viser styrken til laget, var at dei tok Kretspokalen ilangrenn til odel og eige. Hopparane i laget fekk og fine plasseringar. Laget stod som arrangør for Sunnmørsrennet dette året, og i hopp kl. 1 hende det at Sunnylvingane tok dei 5 første plassane! Peder Kjellstad vart vinnar. I langrenn vann laget Sunnmørspokalen på ny, og i kombinert vart Ingvald I. Tryggestad vinnar. 1922 synes alt i alt å ha vore eit av dei verkeleg gode åra i lagssoga. Frå 1923 sesongen er opplysningane meir sparsame. Men det var mykje dei same som deltok og hevda seg som året før. Vi fekk rett nok nye lagsmeistrar. Jakob Tryggestad sigra i hopp. medan Sigurd Rørhus sikra seg sigeren i langrennet.
Frå om lag denne tid kom eit nytt kull løparar i fremste rekkje. Var Tryggestad-gutane Olav, Jakob, Ingvald og Arne samt Petter Tronstad. Desse tok no i bruk Tryggestadbakken, ein uvanleg god og luftig bakke, som før utbetringa tolde hopp på godt 40 meter.
Petter Tronstad var truleg ein av dei beste kombinert-løparane laget har hatt. Han var ein ypperleg hoppar og av dei beste langrennsløparane på Sunnmøre.
Frå 1925 har vi berre resultat frå lagsrennet. Her vann Oskar Tronstad hopp og Anders O. Kjellstad langrenn. Igjen var det Olav J. Tryggestad som sikra seg første plass i kombinert-klassa.
Første dag var det langrenn og løparane frå laga her dominerte. Petter Tronstad vann ein sikker siger i kl. A. Hopprennet dagen etter i Stibakken tok Olav Tryggestad seg av, medan Petter Tronstad ikkje var til å true i kombinert. Det var frå denne sesongen han for alvor stod fram som ein retteleg storløpar. I dei neste åra vart han kretsmeister to gonger, vann Sunnmørspokalen til odel og eige i 1928, og fekk same året medalje som beste langrennsløpar i åra 1926, -27 og -28.
1927-sesongen er diverre den siste sesongen dette 10-året vi har lagsprotokoll frå. Petter Tronstad sigra i langrenn og kombinert i lagsrennet, medan Jakob I. Tryggestad vann hopp. Også i utanbygds renn deltok laget mange stader denne sesongen. I Volda sikra Olav Tryggestad seg Sunnmørspokalen i kombinert, og Petter Tronstad vann fylkesrennet i kombinert på Standal.

