Eit skirenn i 1904

Frå skipingsåret og heilt fram til 1915 manglar protokollane frå lagsarbeidet. Følgjeleg veit vi heller lite om aktivitetane i laget i desse åra. Ein del opplysningar finn vi imidlertid i ein artikkel av Ivar Ringdal i boka "Norske Skiløpere". Her fortel Ringdal at aktiviteten i laget var stor, og at utviklinga gjekk jamt framover.

Johs. Kjellstad sen. har vore ei anna framifrå kjelde å ause av når det gjeld opplysningar om aktivitetane i dei første lagsåra. Noko sikker kronologisk framstilling kan vi sjølvsagt dermed ikkje gje. Men gjennom det Kjellstad fortel, får vi eit særs godt innsyn i miljøet i laget. Det er og interessant å få så detaljerte og gode skildringar av utstyr og klednad som vart nytta ved skirenn i dei tider. Vi gjev ordet til Kjellstad her. Han fortel om eit skirenn halde i 1904.

"Snøen dala lett, men stilt over djup bree i Tronstadgrenda ein søndag i mars 1904. Mange ungdommar var samla i skulehuset. Dei undra seg over om Tryggestadkarane kom. Kaven letta, og vi fekk sjå ein lang hær på eit geledd med ski på aksla kome vassande framover Storemyra etter den hestepløgde postvegen.

Frå skulehuset bar det så med alle fram og opp i brattaste "Køyrslevegen" ovanfor Bruahusa. Der var det eit naturleg velbrukt hopp utfor ein stein. Men innsiktsfulle karar fann eit laglegare hoppbakkeskap like ved og laga der eit hopp av snø. Det vart sett opp ein kvist for kvar meter nedover bakken. Eg talde 15 kvistar. På flata under bakken stod ein stor kvist: fallgrensa. Halkjell-Petter var startar. Anders Langeland og far var dommarar - dei var agronomar, dei.

Røyrhus-Olav hadde ski med spanskrørbinding, klemme over framfor tåbandet. Elles vardet ski berre med tåband, treklosse under skoverket og kanskje togbindet attom hælen. Skismurning var talgstykke.

Petter-Rasmus, lang og grann, hadde blå dress av kjøpety og korkhatt. Langlelands-Ole (Meteren),liten og tettvoksen, hadde raud topplue og ropa med sterkt varsko oppe i tilrennet. Brekke-Johan? hadde også raudhue og starta høgt oppe i tilrennet. Det var inga fartsgrense! Kleda elles var sid vadmålsbukse og sjøtrøye, sko med hæljarn som klabba under.

Ikkje eit kvinnfolk var "tilskuer", ingen lærar heller ein søndag. Men det var eit yrande liv opp og ned i bakken av vaksne karar og større og mindre gutar frå heile Langedalen.

Langelands-Bye hoppa lengst, men måtte overende før fallgrensa. Karbø-Andrias hadde styrerand under dei korte, tjukke, breie, tjørebreidde heimelaga fureskiene sine.

"Hallingdansaren" som eg hadde sett gå i spagat under juledansen i storstova i vår, fekk låne dei skiene. Sprekingen spratt tilvers på hoppet, slo ned att og gjekk rundt i snørøyken - og Andrias var skilens. Men eg hugsa han var mellom premievinnarane.

Det vart trekt 4 m. for fall ovanfor grensa. Ingen vart skuldig meter den dagen. Heimigards-Ole hadde 3 jamne ståande hopp. Eg skreiv opp i ei lita sjølvlaga bok: 8,5 + 9 + 9 = 26,5 m.

I klassa under 20 år var dei beste Ole-Elias, Pe-Rasmus og Iver-Jørgen som berre var 11 år. Det vart samla inn ekstra kr. 1,45 til premiar for oss gutar under 12 år. Om langrennet hugsar eg ikkje noko. Eg var vel oppteken av småguterennet.

Då eg større gjekk opp i tilrennet, la eg merke til at ved ei bjørk som mange starta frå, stod ei blank flaske. På den rosa etikette las eg: LØITEN AQ - fleire bokstavar fekk eg ikkje tak i. Iver-Jørgen hoppa ein halv meter lenger enn Anders ut på Haua og eg, som hadde ekstrahopp på 8 meter.

Premieutdelinga var i Tronstad-skulehuset i 5 tida den dagen. Anders Langeland stod på kateteret og fortalde om grekarane i "Oldtiden" slik at eg måtte følge med.

Ola A. Kjellstad fikk Centralforeningens premie av sølv. Til klasse 2 var det og ein sølvpremie. Iver-Jørgen fekk 55 øre. Anders og eg fekk kvar sine 45 øre - alle i yngste klasse.

Eg veit ikkje om at det var nokon annan skifest det året. Det var mellom 20 og 30 deltakarar i rennet, og det skapte veldig interesse for skirenning mellom oss unggutane".

Så langt om det Johs. Kjellstad fortel.
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven