Ein svært god periode for laget

Vinteridrett
Frå 1932 kom det nye namn på premielistene. Særleg må ein her nemne Lars Rørhus, som ein av dei aller beste langrennsløparane laget har hatt. Han nådde gjennom målmedviten trening resultat som til den tid sakna sidestykke i lagssoga. Om lag samstundes kom og juniorhopparen Ivar Ringdal. Han hadde framfro alt ein kraftigare sats og ein meir aerodynamisk stil enn det som var vanleg. Men han stod ikkje åleine i denne tida. Ole Nybø, Harald Tryggestad og Anders Tronstad var alle gode hopparar som hevda seg fint i renn både på Sunnmøre og i Romsdal. Også John Sårheim heldt i hevd dei gode tradisjonane i laget, heilt frå han som gute-hoppar sigra i Tryggestadbakken, til han vart kretsmeister i kombinert i 1938. Han var god både i langrenn og hopp, og hevda seg derfor ofte aller best i kombinert.

I 1932 vart det sett opp ein 3-manns-pokal i langrenn for laga i indre Storfjorden – frå Stordal til Sunnylven. Pokalen skulle vinnast tre år av same laget, før han gjekk ut. Pokalstemnet gjekk rundt frå lag til lag. Første stemnet vart halde i Sunnylven. Forutan dei laga som tevla om pokalen, var og Indre Hornindal med. Det stilte i alt 72 løparar. I hopprennet hevda SIL seg godt. Olav Tryggestad sigra i kl. 1, der John Sårheim og Ingv. Tryggestad vart nr. 4 og 5. Langrennet vart heil dominert av Valldal som tok dei fire første plassane. John Sårheim vann så klasse 2. i langrennet og sigra klart i kombinert.

Seinare i sesongen sende laget mange deltakarar rundt i distriktet. Særleg to av dei hevda seg godt. John Sårheim og Lars Rørhus var svært allsidige, og dei fekk fleire fine plasseringar både i langrenn, hopp og kombinert.

I 1933 vart det sendt løparar til tre større renn. Lars Rørhus var på ny den sikraste premiesankaren, men hevda seg ikkje heilt i toppen. Av hopparane merkar ein seg at Harald I. Tryggestad i klasse 2. sigra i pokalrennet. Men Lars Rørhus vart lagsmeister no og, denne gongen i hopp.

Den største oppgåva for laget i 1934 var å avvikle kretsrenn i hopp og langrenn på Tryggestad. Her fekk laget sine deltakarar prøve seg mot fleire gode løparar frå andre bygder, og dei nådde fine resultat. Hopparane John Sårheim og Jakob Tryggestad fekk 2. og 3. premie i klasse 1. I klasse 2. vart det tredobbelt siger med denne rekkefølgja: Harald Tryggestad, Anders Tronstad og Ole Nybø. Lars Rørhus var på ny laget sin beste langrennsløpar, og John Sårheim sigra i kombinert.

Også i fleire andre renn denne sesongen fekk dei ovanfornemnde gode plasseringar. I tillegg må ein nemne av Ivar Ringdal sine resultat. I distriktsrennet på Tryggestad hadde han eit flott hopp på heile 40,5 m, dagens beste. Ringdal fekk og mellom anna ein 2. plass i distriktsrennet i Hornindal.

1935-sesongen gav blanda resultat. Ved eit renn i Hornindal var det berr Ivar Ringdal frå laget som vart premiert.

Ved landsrennet i Valldal derimot vann Sakkarias Sæter klasse B i langrenn, medan Ivar Ringdal fekk ein 2. plass i hopp. Den same Ringdal sigra så i si klasse i distriktsrennet på Standal, der Anders Tronstad vart nr. 4 i klasse A.

Lagsmeistrar vart Lars Rørhus i langrenn og Anders Tronstad i hopp.

Hopparane deltok sidan både i eit vår- og eit sommarhopprenn, det siste på Geirangerfjellet. Begge gongane nådde dei gode resultat.

Frå 1936 kom ein ny god hoppar inn i biletet: Jakob Sæter. Han var ein kraft og stilhoppar som det stod respekt av. Han tok og ei rekkje fine plasseringar i forskjellige renn. Diverre for han, som for mange av denne generasjonen, tok krigen mange av dei beste konkurranseåra frå dei. Frå 1936 og utover hevda imidlertid løparane seg svært godt og nådde til dels framifrå resultat.

1936-sesongen var i det heile ein aktiv sesong i laget. Det ville diverre føre alt for langt her å nemne alle dei gode resultat som særleg hopparane oppnådde. Ole Nybø, Amund Hole, Ivar Ringdal og Harald Tryggestad kom høgt opp på premielistene i dei renn dei var med i, og dei sette seg verkeleg i respekt dette året.

Av langrennarane var det særleg Lars Rørhus og Arne Haugen som starta utanbygds som fekk fine resultat utanbygds. Arne Haugen fekk mellom anna 2. premie i klasse B i landsrennet på Standal. Rørhus vann Holskarrennet med heile 7 min. forsprang til neste mann. Han vann og Langedalens langrennspokal til odel og eige dette året. 1936-sesongen må vel i det heile seiast å ha vore ein av dei verkeleg vellukka for laget.

Var resultata gode i 1936, vart dei berre enno betre i 1937. I eit stort kretsrenn som laget avvikla var det heile 88 deltakarar. Her fekk løparane frå SIL desse gode plasseringane:

Lars Rørhus står som ein verdig representant for langrennsidretten i laget.
Hopp 20-32 år
2. Ivar Ringdal
4. John Sårheim


Hopp 18-20 år
1. Jakob Sæter
2. Ole Nybø


Langrenn klasse A.
1. Lars Rørhus
5. Sakkarias Sæter


Til eit stort renn i Ørsta sende laget så 4. hopparar. På grunn av dårleg vær var tilhøva svært krevjande og fallprosenten stor.

Hopp 20-32 år
1. Ivar Ringdal
3. John Sårheim


Hopp 18-20 år
1. Ole Nybø
2. Jakob Sæter


Ivar Ringdal sette her ny bakkerekord. Same dagen sigra like godt Sakkarias Sæter i klasse A i langrenn ved distriktsrennet på Standal. Dette vart altså verkeleg ein stor dag for laget!

1938-sesongen kom seint i gang, og han vart skjemd av dårlege snø- og vertilhøve. Laget greidde heller ikkje fullt ut å forsvare dei fine resultata frå dei to føregåande sesongane. Men løparane nådde likevel fleire gode resultat og deltok aktivt i dei renn som vart haldne.

Det var stort sett dei same som representerte laget no som dei siste åra. Av hopparane var no Jakob Sæter og Ivar Ringdal dei fremste. Sæter fekk mellom anna ein 1. plass i eit landsrenn i Isfjorden, medan Ringdal sin beste prestasjon var ein 2. plass i hovedkretsrennet på Stranda. Her sigra dessutan John Sårheim i kombinert.

Ole Nybø oppnådde og fleire gode resultat i juniorklassa. Mellom anna fekk han to 2. plassar i kretsrenn.

Av langrennsløparane var Lars Rørhus stadig den beste. Også han fekk ein fin 2. plass i rennet på Stranda. Løparane i laget sikra seg og her første nappet i P.I. Langlo sin 6-manns pokal.

Skisesongen 1939 vart opna med at laget sende åtte mann til distriktsrennet i Hornindal. Desse vart premierte:

Langrenn klasse A
1. Lars Rørhus


Hopp klass B
1. Ole Nybø


Hopp klasse C
1. Jakob Sæter


Hornindal idrettslag sin 3-mannspokal vann laget for første gong ved Ringdal, Sæter og Nybø.

I distriktsrennet på Eid gjentok desse løparane resultata sine. I tillegg var no Arne Haugen med, og han fekk ein 3. plass i langrenn klasse B. Også eit renne i Ørsta deltok løparar frå laget. Her var det Rørhus og Nybø som fekk dei beste plasseringane.

I påskerennet som Sunnylven arrangerte i "Grønereina", fekk løparane i laget så værkeleg prøve seg. Her stilte heile 60 deltakarar til start.

I langrennet fekk Lars Rørhus ein 3. plass i klasse A, medan Sverre Alme gjekk heilt til topps i B-klassa. Hopparane gjorde på ny ein fin innsats. Ole Nybø vart nr. 2 i klasse B. I klassen 18-20 år vann Jakob Sæter. Og Sunnylvingane tok like godt ein aksje i den oppsette 3-manns pokalen føre Ørsta og "Von".

Storrennet i 1939 i ´Grønereina´ i Torskedalen samla stor tilslutning både av løparar og publikum. Den mørkkledde løparen bak til venstre er den kjende hopparen Reidar Haug.
I 1940 var det særs stor aktivitet gjennom heile vinteren. Løparane i laget deltok i rundt 10 større renn og hevda seg fint. I Vikabakken i Stryn sigra Ivar Ringdal og sette ny bakkerekord. I eit anna hopprenn i Hornindal vann Jakob Sæter og Harald Tryggestad dobbelt i klasse B.

Også i KM i Ørsta vart det fine plasseringar. Både Jakob Sæter og Lars Rørhus fekk 2. plassar. Lars Rørhus var også denne sesongen den beste langrennaren i laget.

Desse to sistnemnde løparane vart og tekne ut til ein pokalkamp mellom Romsdal og Sunnmøre. Lars Rørhus plasserte seg som nr. 3 og beste Sunnmøring i dette harde selskapet. Det særs dårlege veret gjorde at hopprennet diverre måtte avlysast.

Distriktsrennet 2. påskedag var vel likevel høgdepunktet denne sesongen, både for løparar og publikum i bygda. I hopprennet her deltok heile 50-60 mann. Mellom dei var dei framifrå Kongsberg-hopparane Arne Ulland og Ragnar Myhr. Desse vann sjølvsagt kvar si klasse etter fin hopping. Ulland sette like godt ny bakkerekord med 50,5 m. Etter tevlinga heldt så desse to instruksjon for dei andre løparane. Ulland hoppa då heile 57 meter, fin stil og med fjellstøtt landing!

Av hopparane i laget var det få som kunne hevde seg i slikt selskap. Men Harald Tryggestad gjorde ein fin prestasjon med å værte nr. 2 i si klasse. Bakken på Tryggestad fekk ved dette høvet svært god kritikk frå dei tilreisande løparane.

1940-sesongen var såleis på alle måtar svært vellukka. Diverre skulle han bli den siste med organisert idrett på mange, lange år. Krigen braut no øydeleggjande inn i mykje av det positive som møysommeleg var bygd opp i laget. For mange i laget betydde dette slutten på aktiv kokurranseidrett. Men kameratskapen og samhaldet i laget kunne ikkje øydeleggjast, og på dette grunnlaget reiste idretten seg for på ny, då freden endeleg kom i 1945.

Sommaridrett
Fotball var den einaste sommaridretten som vart aktiv driven i 1932. Laget spela då heile seks kampar. Tre av desse var i cup-turneringar. I turneringa på Hellesylt gjorde laget det verkeleg godt. Først slo dei Hornindal heile 5-0 og deretter Stranda 2-1. Sesongen gav i det heile fire sigrar, ein uavgjort og berre eit tap.

Også i 1933 var fotballaget aktivt. No vart det spela sju kampar, men resultata var ujamne. Vi tillet oss å sitere lagsprotokollen frå ein kamp: "Sport" – Sunnylven: "Fyrste halvlut av kampen var kvikk, og laget vårt leidde 3.1. Men i siste halvlut sovna karane våre, og laget tapte med 8-3".
(Se ellers resultatoversikten).

17. mai var det friidrettstevling på Hellesylt. Men deltakarane var dårleg trent, og det vart ikkje nådd særleg gode resultat.

I terrengløpet gjennom Selhammarmarka var det denne gong Nils Holen som drog av med sigeren, før Olav Matvik.

Frå 1934 har vi på ny berre resultat frå fotballkampar. Det vart etter kvart tradisjon at laget tok del i cupturneringa på "Fura" i Hornindal, og at Hornindal stilte i turneringa på Hellesylt. Andre motstandarar dette året var Norddal, Valldal, Stranda, Geiranger og Nordfjordeid.

Fotball vart det lite av i 1935. Berre to kampar vart spela, begge mot Stranda. Kampane gav ein siger og ein uavgjort som resultat. Heller ikkje andre sommaraktivitetar kjenner vi til dette året. Det verkar som om det no var vanskeleg å drive disse idrettane i laget. Om dette berre kom av lita interesse for å delta, eller andre faktorar og var med i biletet, er vanskeleg å seie heilt sikkert. Men vi manglar i alle høve notatar frå sommarsesongane både for 1936 og 1937.

Heller ikkje i 1938 var aktiviteten særleg stor. Men laget skipa på ny til cup-turnering, der Stranda, Sæbø, Hornindal og Sunnylven stilte. Elles dette året vart det spela kampar mot Geiranger, Eid og Norddal.

Året 1939 – det siste for sommaridrett før krigen – vart det spela berre ein fotballkamp. Det var mot Hornindal og Sunnylven tapte 1-2.

-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven