Ein ny giv i laget
Som nemnt før er det eit opphald i lagsprotokollen frå 1927 til 1931. I referata frå 1931 finn vi at det heller ikkje har vore halde noko møte i laget sidan 1929. Aktiviteten hadde såleis tydeleg vis ikkje vore så stor i nokre av dei åra vi manglar opplysningar frå.
Det var og på mange måtar vanskelege tider, også for lagsarbeid. Eit av dei første vedtaka som vart gjort var såleis å få sett ned kontingenten ilaget frå 50 til 25 øre pr. år. Den økonomiske krisa hadde sin verknad også på dette plan.
Men heller ikkje interessa for å delta i laget synes å ha vore så stor som det var å ønskje. For å vekke ny interesse mellom idrettsungdommen, vart det derfor vedteke å kjøpe inn to vandrepokalar, ein i hopp og ein i langrenn. Og samanlika med årskontingenten, var dette sikkert eit økonomisk løft, då kvar av pokalane kosta 25 kroner.
Mykje av bakgrunnen for den fornya aktiviteten i laget var nok at laget dette året feira 30-års jubileet sitt. Jubileet vart høgtida med eit skistemne på Tryggestad. Til stemnet vart Geiranger, Hellesylt og I.L "Framsteg" innbedne. Frå Geiranger møtte rett nok berre ein deltakar. Men frå dei to andre laga var det god deltaking, noko som gjorde sitt til at tevlinga vart skarp, og stemnet svært vellukka for dei mange tilskodarane. Det vart konkurrert både i hopp og langrenn, og vi skal her ta med at Johan Vollsæter sigra i langrenn over 13 km, medan Jakob Tryggestad vann knepe i hoppbakken. Desse to løparane fekk og kvar sin aksje i dei nyoppsette vandrepokalane.
1932: Langedalen Idrottslag, Hellesylt I.L. og I.L. "Framsteg" vert slegne saman til Sunnylven Idrottslag
Etter at ein i bygda i lengre tid hadde hatt tre idrettslag som meir eller mindre arbeidde parallelt - om enn med noko ulike aktivitetar - var ein i 1932 komne til semje om å slå dei tre laga saman. Det nye laget fekk namnet Sunnylven Idrottslag og vart skipa ved generalforsamling laurdag 23. januar 1932.
Ei nemnd vald frå dei tre gamle laga hadde arbeidd ut eit framlegg til lov for laget. Lova vart og godkjent på dette møtet. Utanom paragrafer om formål, kontingent og liknande, finn ein i lovene at det nye laget hadde "symjing, marsj, fotball og friidrett" på sommarprogrammet sitt. Om vinteren var idrettane ski- og skeisserenn. Lovene fastsette vidare at styret skulle ha minst ein mann med frå kvart av dei tidlegare laga. Det nyskipa laget vart meldt inn i Møre distriktslag og i Sunnmøre skikrins. Ingvald I. P. Tryggestad (bildet) vart vald til første formann i det nye laget.
Om dei to andre laga manglar vi systematiske opplysningar. Men vi kjenner hovuddraga i lagssogene. her skal vi berre ta med det følgjande som byggjer på stoff frå "Bygdebok for Sunnylven og Geiranger", bind I.
Idrottslaget Framsteg vart skipa i 1909 med Steffen O. Hole til formann og Ole Karl Hole som kasserar. Laget hadde då 30 medlemmar. Omframt Seffen Hole var Claus Hole og formann i den første tida.
Det var særlig friidrett som vart drive i laget, og det vart nådd etter måten gode resultat av idrettsutøvarane. Såleis var rekorden 1,70 m i høgdehopp og 6 meter i lengdehopp.
Frå 1919 - 1924 låg lagsarbeidet nede. Laget vart nyskipa i 1924 med Ivar Hole som formann. Seinar var Edv. Parr og Johan Voldsæter og formenn i laget fram til samanslutninga i 1932.
I 1921 skipa laget til krinsmeisterskapet i 10-kamp på Hellesylt. Her var idrettsmenn frå heile fylket med. I åra etter 1918 var interessa for friidrett særleg stor, og mange Sunnylvingar kunne hevde seg mellom dei beste i bygdene her omkring.
Fotball vart det og drive med heilt frå laget vart skipa. i førstninga hadde laget ingen fast plass å halde øvingar på. Men etter kvart fekk ein leige eit stykke innanfor Jogardsbrua. Dette stykket rydda idrettsungdommen og sette det i stand til ein liten idrettsplass.
Omframt A.P. Ringdal var Lars Frøysa, Peder Korsbrekke og R.O. Tryggestad formenn i laget fram til 1932.

