Andre grupper i laget

Gjennom største delen av lagssoga har aktivitetane i laget vore konsentrert om få idrettar. Desse har for det meste vore hopp og langrenn om vinteren. For vinteridrettane har til kvar tid ver- og snøtilhøve vore avgjerande for kva som har vore mogeleg å arrangere. Fotball- og friidrett - dei to vanlegaste sommaridrettane i laget - har aldri hatt verkelege gode tilhøve i bygda. Ein har alltid sakna tidhøvelege anlegg for dei. Dei idrettane vi har nemnt ovanfor har mest alltid vore administrert gjennom eigne grupper innan idrettslaget. I den tidlegare framstillinga har vi freista følgje aktivitetane i desse gruppene år for år, Her skal vi kort ta for oss nokre av dei andre gruppene som etter kvart naturleg har vakse fram i laget. Gjennom desse gruppene har laget kunna gi eit langt breiare tilbod både til barn, ungdom og vaksne enn før. Ulike trim- og mosjons-aktivitetar bar i særleg grad ført nye grupper av bygdefolket aktivt inn i laget.

Barne og ungdomsutvalet
På årsmøtet 9.12,1962 vart det vedteke å skipe eit Barne- og ungdomsutval med fl mann. Dei skulle ta seg av idrettsaktivitetane for all ungdom under 17 år. Den første formannen her var Erling Hole. Den største oppgåva desse utvala til kvar tid løyste var å arrangere dei årvisse barne, og skuleskirenna. Desse renna gjekk ofte på Hole og var ein sikker suksess både for deltakarar og publikum. Vi kan nemne at det t.d. i 1.964 deltok heile 78 jenter og gutar i rennet med tevlingar både i hopprenn, langrenn, utfor og stafettar. Barne- og ungdomsutvalet var i arbeid fram til årsmøtet 1972. Då vart gruppene i laget omorganiserte. Denne omorganiseringa av gruppene har samanheng med fleire ting. For det første og viktigaste var at laget endeleg hadde ein innandørssal av nokon storleik som ein no kunne nytte til ei heil rekke aktivitetar gjennom vintersesongen. Av betydning var og eit vedtak i laget om å legge om arbeidsprofilen i laget nok0. Det vart avgjerande å kunne gje flest mogleg i alle aldersgrupper eit tilbod gjennom idrettslaget. På mange måtar var sjølvsagt det nye samfunnshuset ein føresetnad for denne nye satsinga i laget. Ei gruppe som gjekk ut ved denne omlegginga var han banenemnda. Ho vart lagt under hovudstyret. Denne nemnda hadde i den seinare tid hatt opparbeiding og fullføring av idrettsanlegget på Jorgardsbøen som si hovudoppgåve. Ballgruppa var ny frå 1971. Gruppa var ei samanslutning av den tidlegare fotballgruppa, handballgruppa og dei organiserte volleyball-aktivitetane som no var komne i gang. Det nye i denne gruppa var altså volleyball. Om lag 20 menn og 10 kvinner hadde ei stund spela volleyball på Hauge skule. Men tilhøva i denne vesle salen var vanskelege, og først i Samfunnssalen kunne det bli noko "skikkeleg" spel. Interessa for volleyball var stor. I antal kunne ein til kvar tid stille 4 herrelag og 2 damelag. I tillegg til vanlege treningskveldar har det vore arrangert turneringar i laget, og det har vore spela kampar mot Stranda og Hornindal - med fine resultat.

Symjegruppa
Symjegruppa i laget har enno ikkje fått høve til å kome skikkeleg i gang med arbeidet sitt. Gruppa skal freiste å fremje interessa for symjing og om mogeleg hjelpe til med instruksjon og opplæring av symjeinteresserte. Men av di symjebassenget har vore stengt så lenge, er det altså lite gruppa enno har fått gjort. Symjesporten har imidlertid sine tradisjonar her i bygda. Ved badehuset var det lenge ein yrande aktivitet. Fleire symjekonkurransar vart haldne. Men desse var lagt under Ungdomslaget, og dei har difor ikkje fått plass i denne framstellinga. Men aktivitetane var der altså, for dei som måtte sakne noko om del i dette skriftet.

Trimgruppa
Trimgruppa er ei anna av dei høveleg nyoppretta gruppene, og kanskje ei av dei som for framtida får med ein stor del av lagsaktiviteten å gjere. Førebels har arbeidet vore konsentrert om trimaktivitetar i Samfunnshus-salen. Men det vert og arbeidd med å få skipa til ulike trimtilbod utandørs. Tidlegare hausten 75 stod gruppa for opplegget med ei trimløype til tevlinga mellom Stranda og Sykkylven kommunar.

Kvinnegruppa
Sist, men ikkje minst har den nye kvinnegruppa i laget vist seg å få stor betydning4Til kvar tid har det vore vanskeleg å få kvinnene i bygda til aktivt å gå inn i laget for å delta i trim- og konkurransar, Kvinnegruppa har gitt mange tilbod både til jenter og kvinner, slik at det i dag er både volleyball, gymnastikk og ymse treningsparti for jenter i gang. Og desse partia har fått gledeleg stor oppslutning.
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven