Trimpostar i Sunnylven
Her finn du ei grei oversikt over alle trimpostane i Sunnylven, med bilete til kvar einskild av dei.
Gamle Shell

3 poeng, 2 moh.
Frå Hellesylt stadion går du forbi gravplassen og kryssar brua over til Korsbrekke. Gå gjennom tunet til Arne Korsbrekke og langs vegen, til du kjem til dei gamle Shell-tankane.
Trimposten er i ei kasse på mur.
Ringdalen

3 poeng, 302 moh.
Gå langs vegen til Ringdal. Ta til høgre i første tunet og følg så vegen til Fløten. Gå mellom hus og løe og følg råsa til Sendaren.
Det går også ei merka rås frå det midtre byggefeltet på Reset.
Trimposten heng på huset.
Svarthammaren

3 poeng, 130 moh.
Ein kan velje å gå frå Hellesylt og forbi Sunnylven kyrkje, vidare forbi Kykjebakken og på merka sti til Svarthammaren, eller ein kan gå opp ved Ørskogkvia og på stigen som går gjennom furuskog til utkikspunktet på Svarthammaren.
Her er trimposten i ei kasse festa til eit tre.
Nedstevatnet

3 poeng, 439 moh.
Frå parkeringsplassen på Vollset går du langs traktorvegen til du kjem til vatnet like framom nausta.
Her er trimposten i ei kasse festa til eit tre.
Stegholen

3 poeng, 475 moh.
Frå trimposten ved Nedstevatnent går du vidare langs Flofjellsvegen. Ved Stegholsvatnent går vegen over til rås.
Trimposten ligg i ei opa fjellhole som er merka Stegholen.
Boksen ligg på ei lita berghylle.
Karbømarka

3 poeng, 220 moh.
Frå parkeringsplassen ved Karbøbrua følgjer ein traktorvegen på austsida av Langedalselva .
Trimposten er i ei kasse på eit tre.
Tronstadsetra

5 poeng, 620 moh.
Frå parkeringsplass ved Trondstad Grendahus går ein etter vegen over bøane på Tronstad for så å følgje stien på sørsida av Tronstadelva til Tronstasætra.
Skaret

8 poeng, 665 moh.
Enten:
Stien går frå parkeringplass ved Karbøbrua etter traktorveg på nordsida av Toskedalselva til Toskedalsætra. Her går stien nordover til Skaret.
Eller:
Frå parkeringsplass ved Peer Gynt Galleriet går råsa bratt oppover i skogen sørvest for Hellesylt til Svarthammaren. Dette er ein fin utsynsplass over Hellesylt og Sunnylvsfjorden. Råsa går vidare oppover i skogen heilt til Skaret.
Posten ligg ved stien under ein stor stein.
Steimsnibba

15 poeng, 1285 moh.
Frå Skaret går stien austover langs fjellryggen heilt til Steimsnibba.
Posten ligg i muren på hytta.
Ljøbrekka

8 poeng, 760 moh.
Frå Ljøen etter Postvegen til Ljøsetra og vidare nordover til Ljøbrekka
Posten er i kasse på høgste punktet før stien går ned Brekka.
Fagredalen

5 poeng, 670 moh.
Frå parkeringsplass på Bygdastølen i Moldskredalen går råsa vestover til Fagredalsvatnet.
Posten ligg på høgda før nedgang til Brunevatnet.
Sætre-setra

8 poeng, 680 moh.
Frå Sætra føl ein traktorveg over bøane. Råsa går bratt oppover på vestsid av Sætreelva til Sætresætredalen.
Posten ligg ved ein stor stein
Kjellstaddalen

5 poeng, 440 moh.
Frå parkeringsplassen ved Tronstad Grendahus går ein over brua til Kjellstad. Følgjer her traktorvegen som går til Tverrgarden ca. halvvegs i Kjelstaddalen.
Posten er i kasse festa til eit tre.
Høgane

5 poeng, 575 moh.
Dette er kanskje i stor grad ein ”vinterpost.” På ski går du over Liamyrane, svingar til høgre når du kjem til foten av Høgane, svingar mot venstre mot toppen av ”Appelsinhaugen”.
På sommarstid kan du gå i rås frå Røyrhus og Lyngvoll.
Posten ligg i ei kasse på ei furu.
Skihella
5 poeng, 680 moh.
Frå parkeringsplassen på Røyrhussætra går råsa sørover på nordsida av Skihelleelva til Brudaholen.
Posten ligg i hytta.
Holedalsvatnet
5 poeng, 725 moh.
Bilveg fram til brua ved Holedalstølen. Gangsti i lett terreng på nordsida langs elva og vatnet, ca 2,5 km.
Trimposten er i fremste enden av vatnet ved stor stein som ligger litt ut i vatnet.
I tillegg kjem også desse trimpostane, som førebels ikkje har noko beskrivelse eller bilde.
Liadalen

8 poeng, 743 moh.
Start frå Berga ved Hole. Råsa går frå parkeringsplass ved hovudvegen forbi hytte med stort møne og vidare skrått aust langs fjellsida. I råsa er det bru over Liaelva. Ved nedstestølen svingar råsa vestover til Liasetra.
Alternativ så kan ein gå ”kuråsa” som startar frå Parr over ”Nørlebakken” Inni eineskogen. Denne råsa er litt vanskeleg å finne og er eindel attegrodd.
Trimposten heng på hytteveggen.
Fedalen

5 poeng, 670 moh.
Startar frå Brekke. Gå over brua og austover langs elvekanten på traktorveg til granskog. Der går råsa bratt oppover langs Fedalselva.
Trimposten er ved ein stor stein på vestsida av eit lite tjern.
Berga

3 poeng, 266 moh.
Råsa startar frå ”Rendekroken” ved Frøysa. Gå på gammal bilveg om lag 2oom og ta så til venstre oppover svaberga til tv-masta.
Ein kan også gå frå parkeringsplassen ved hovudvegen oppe på Berga. Ein fylgjer råsa opp til ei hytte med stort møne og går langs den gamle vegen om lag 150m til ein tek av i retning mot tv-masta.
Trimposten heng på veggen til telehuset.
Haugedalen

8 poeng, 708 moh.
Ei rås går frå garden til Svein Rusten. Frå fjøsen går ein langs veg til ei kjem til enden, gå gjennom grinda.
Ein kan også starte ved brua over Haugedalseleva. Her er det bratt oppstigning på vestsida av Haugedalselva til Haugestølen.
Posten er i postkasse på hytta til Svein Rusten.
Åsenakken

10 poeng, 869 moh.
Frå Hellebostad på traktorveg over bøane. Så på sti vestover til Hellebostaelva. Her går stien på vestsida av elva for så å bøye av vestover til Vindholen og vidare til Åsenakken.
Ein kan også gå frå Åsen, men dette er ein mykje brattare tur. Råsa startar frå radiomasta i Åsen og svingar seg i bratt skogsterreng heilt opp til Åsenakken. Der møter den råsa frå Hellebostad.

Vatnedalen

5 poeng, 802 moh.
Turen går på traktorveg på søraustsida av Vatnedalselva og så sti til Vatnedalsvatnet.
Posten ligg til venstre for vatnet ved stor stein.
Åsen/Hellebostad

3 poeng, 220 moh.
Frå Åsen startar råsa frå øvste svingen i Åsevegen. Her går den rett austover ein kilometer til den møter skogsvegen frå Hellebostad.
Her ligg trimposten i ei postkasse festa til eit tre.


