Trimbesøk 2011
No er alle bøkene talde opp
No har trimgruppa fått samla inn og teld alle trimbøkene for 2011. Etter eit litt dårleg sommarver er det likevel godt besøk på trimpostane. Nokre av postane har også ei lita auke på besøka i forhold til i fjor.Skihella i Røyrhusdalen og Åsenakken er postane med mest auke. Størst nedgang har Svarthammaren og Høgane. Den sistnemte er vel ei årsak av ein dårleg marsmåne med mykje dårleg ver og ei veldig sein påske med lite snø då det er mest skigåarar som tek seg hit opp. Totalt har det vore 9621 besøk på trimpostane i år. Dette er ein liten nedgang i høve til i fjor på 5,2%. I fjor var det over 10-tusen besøk. Nytt i år var trimposten på Nokkenibba (1380m.o.h) som har hatt eit svært godt besøk.
Dei som har kjøpt skjema for fjelltrimen har no levert og dei er talde opp. Resultatet frå denne blir publisert seinare.
TRIMPOST ANTAL AUKE/NEDGANG
1 Sendaren Ringdal 585 + 1%
2 Stegholen 1337 +0,5%
3 Nestevatnet 1017 -6%
4 Shell-kaia 1123 +7,3%
5 Ljøbrekka 542 -6,2%
6 Skaret 500 -24,3%
7 Karbømarka 515 +4,9%
8 Høgane 275 -50%
9 Tronstadsætra 271 +1,1%
10 Kjellstaddalen 407 +1,2%
11 Hellebostadmarka 429 -13%
12 Skihella 161 +49%
13 Berga 435 -4%
14 Svarthammaren 282 -52,3%
15 Steimsnibba 259 -17,2%
16 Åsenakken 237 +31,7%
17 Vatnedalen 137 same som i fjor
18 Liadalen 158 -13%
19 Haugedalen 125 +6%
20 Holedalen 132 +14%
21 Sætre-sætra 95 +25%
22 Fedalen 113 +28,4%
23 Fagredalen 168 +14,3%
24 Nausane 179 +4,7%
25 Nokkenibba 144 ny post i år


