Vinteren nermar seg

No er arbeidet med å bytte bøker starta. Besøkstal og bilder blir oppdatert her.

Frå Ljøbrekka 17.oktober Foto: Rune Hole
Torsdag 6.oktober:Snøen kryp nedetter fjellsidene og det er på tide å byte trimbøker. Dei høgaste liggande trimpostane blir prioritert fyrst. I dag blei det bytta i Fedalen, 670 m.o.h., ikkje av den mest trafikkerte posten dette, men her har vore 114 besøk i år noko som er ei auke på 28% i høve til i fjor.  Snøkavane var ikkje langt unna då undertegna var på besøk. Vått og sleipt i råsa var det og, men likevel ein frisk og fin tur.

Fredag 7. oktober: Ja då er snøen komen. Vaspa i snø til Høgane (appelsinhaugen) for å bytte trimbok. Her var besøkstalet gått kraftig tilbake, var nermast halvert i høve til i fjor!

Laurdag 8.oktober: Gunnar var i Haugedalen, 125 besøk her. Dette er 6% auke frå i fjor. Rune var på Nausane og Svarthammaren. 179 besøk og 4,5% auke på Nausane. Svarthammaren hadde 282 besøk og nedgang på heile 52%. Per Svein var i Liadalen, 158 besøk her og ein nedgang på 13%. Sjå dagens bilder frå Nausane,Haugedalen og Liadalen

Søndag 9.oktober: Kjellstaddalen 406 besøk, 4 besøkande fleire enn i fjor. Sætre sætra 95 besøkande, auke 25%. Tronstadsætra 271 som er 3 personar fleire enn i fjor.

Tryggestad/Karbømarka 515 besøk, auke på 5% her. Vatnedalen 137 besøk, same antall som i fjor. Hellebostadmarka 429 besøk, nedgang på 13%. Åsenakken 237 besøk, ei auke på 31%. Skaret 500 besøk, ein nedgang på heile 24%. Også Steimsnibba var besøkt i dag. Her har det vore 254 besøk, ein nedgang også her på 17%.

Fredag 14.oktober: Sendaren opp på berja,-266m.o.h har der vore 435 besøkande. Dette er ein svak nedgang frå i fjor på 4%. Nestevatnet 1017 besøk, nedgang her på 6%. Stegholen 1337 besøk som er 7 personar meir enn i fjor.

Laurdag 15.oktober: Holedalen 132 besøk som er auke på 14%. Fagredalen 168 besøk også her ei auke på 14%. Fullstendig liste over alle postane blir lagt ut til veka.

-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven