Zumba-bølge på Hellesylt

Sunnylvingane trimmar som aldri før

Det var ikkje plass til så mange fleire i gymsalen.
Mandag kveld samla  heile 40 damer, både unge og vaksne seg i gymsalen for å lære seg zumba. Til fengande diskorytmer bevega alle seg i takt med musikken, instruert av Britt Lødøen frå Hornindal. At dette er god trim, er det ingen tvil om. Trimgruppa er særs nøgd med oppslutninga omkring denne nye aktiviteten, som er annonsert to mandagskveldar til.

 

Sjølv om mange var og deltok på samfunnshuset, var det også godt besøk på treningsenteret. Her var det overtal av karar denne grå og regnfulle mandagskvelden.

-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven