Nymerka og opparbeid rås til Nokkenibba

Mykje arbeid lagt ned i verdsarvrås

Råsa merka med V-symbol som tyder at det er i verdsarvområde. Foto: Rune Hole
I fjor sommer starta Rune Hole og hjelparar  med å opparbeide råsa til Nokkenibba. Han har i løpet av denne sommaren lagt ned mÿkje arbeid med graving i vanskeleg og bratte parti, og råsa er blitt skilta og merka.

Råsa startar frå Hellebostad i Sunnylvsbygda og følge den gamle sætrevegen og verdsarvråsa til Vindholen og videre mot Åsenakken, rute nr. 29 på det nye turkartet i Stranda kommune.  Oppe i skaret er det sett opp skilt der råsa deler seg til Åsenakken og går herifrå videre bratt oppover til Nokkenibba, 1380 moh.

Nokkenibba ligg rett over staden der Geirangerfjorden bryt av frå Sunnylvsfjorden og her er eit framifrå utsyn over dei to verdsarvfjordane.

Her er det råd å gå videre til Helsetkopen og Liadalen. Denne turen er godt beskriven i den nye boka OPPTUR Geirangerfjorden.

No er arbeidet med den nye råsa ferdig (for i år). Det er også sett opp kasse med bok på toppen av Nokkenibba. Kanskje kan det bli ny trimpost her oppe. Dette må vi drøfte i trimgruppa.

Sjå flott billedserie!

 

Alle foto: Rune Hole

Kommentarer:
For- og etternamn
Overskrift
Kommentar
Kommentar

Skriv kort ei årsak for det

 
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven