5.div: Nytt tap på Stranda
Sunnylven tapte på nytt ein treningskamp på Stranda kunstgras, denne gong mot Stranda 2. Sluttresultatet vart 3-0 til heimelaget etter ein mållaus førsteomgong.
Sunnylven spelte sin andre treningskamp på fire dagar, og det var tydeleg at det ikkje var samme gnisten i beina denne gongen. Etter ein mållaus førsteomgong, så avgjorde Stranda 2 kampen med tre scoringar siste kvarteret.
Lite stemte for Sunnylven denne dagen, men likevel god trening på ei flott bane.
Laget: Eirik Stenberg, Ole Hjalmar Bonsaksen, Per Ove Frøysa, Sondre Støverstein, Henning Frøysa, Helge Tryggestad, Bård Forbord, Andreas Fjørstad, Przemyslaw Kaminski, Daniel Støverstein, Kenneth-Andre Hole.
Innbyttarar var Asbjørn Karbø og Frode Hauge.
Kampen vart leia av Per Helge Liset, Stranda IL.



Skriv kort ei årsak for det