Opprusting av råsa til Åseneset
Trimgruppa hadde dugnad på laurdag

Montering av stolpar i råsa på Åseneset.
Det blei bora og sett opp stolpar i parti på Åseneset som kan vere litt glatt. Her vil det seinare bli hengt på kjetting. Det vart rydda lyng og kratt i råsa. Til dette arbeidet vart det nytta motorisert beiteryddemaskin. Frå Hellebostadsida er det også begynt ryddearbeid. Det er også planer at det skal veitast vekk vatn frå ein del våte parti i Hellebostad/Åsemarka så det kan bli litt tørrare å gå her.
Vil rette ei stor takk til dei som hadde lånt oss straumagregat, fjellboremaskin m.m. som vi fekk nytte oss av.
Kommentarer:
Relaterte saker
Nyaste saker
Mest lest



Skriv kort ei årsak for det