På grunn av arbeidet med ny kunstgrasbane så spelar Sunnylven mange bortekampar på vårsesongen. I sesongens femte seriekamp kom årets første tap, Tjørvåg vart for sterke og vann kampen 4-2.
Det var Sunnylven som starta kampen best utan å komme til store sjansar, og når Tjørvåg tok leiinga kvarteret før pause var det fortjent nok etter at laget kom sterkare utover omgangen. Pauseresultatet vart dermed 1-0 til vertane.
I pausa var alle einige om å gjere ein bedre omgang enn den første, og tidvis var Sunnylven gode, men likevel var det heimelaget som utnytta sine sjansar best - scora tre mål til - og Sunnylven måtte ta til takke med to reduseringar, begge på straffespark. Alf Ole Sundgot og Torstein Tafjord var sikre frå straffemerket.
Laget: Eirik Stenberg, Per Ove Frøysa, Daniel Nybø Støverstein, Robert Tryggestad, Henning Frøysa, Helge Tryggestad, Andreas Fjørstad, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Eivind Louis Helset, Alf Ole Sundgot, Torstein Tafjord.
Nytta reservar var Olav Erling Aaland, Kenneth-Andre Hole og Asbjørn Kvam Karbø.
Dommar var Lars Johan Hammer, Vartdal T&IL, og han klarte seg godt i ein grei kamp på Tjørvåg grusbane.



Skriv kort ei årsak for det