Fine forhold til mange trimpostar

No er det farbart på fleire av dei høgareliggande trimpostane.

Frå Liadalen
Snøsmeltinga siste vekene har heller stått i stampe, men no tek fleire av dei høgareliggande trimpostane til å bli farbare.

Etter eit besøk i Liadalen på Kristi Himmelfartsdag kan det bekreftast at råsa til Liadalen er so og seie fri for snø, berre nokre små snøflekkar igjen øverst oppe på sætra. På andre sida av dalen ser ein bort i Fedalen. Her er det litt snø øverst i råsa, men ikkje meir en at det er farbart der også.  Kan også sjå herifrå at det bart i vegen mot Flofjellet.

Fram i Frøysadalen og Vatnedalen kan ein sjå at det er litt vintersleg endå, men med litt varmare ver i sikte er det snart snøfritt der også.

Sjå billedserie frå turen.

-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven