5.div.: Tredje strake for Sunnylven

Sunnylven tok sin tredje strake siger då laget gjesta Åheim onsdag. Gjestane vann ein spennande kamp 2-1.

Årets fjerde seriekamp for Sunnylven var på Åheim, der heimelaget hadde opna med to strake sigrar før møtet med Sunnylven.  Etter kampen var det gjestane som kunne juble for tre viktige poeng etter siger 2-1.  Alf Ole Sundgot ordna leiing til pause før Henning Frøysa dobla leiinga rett etter pause, Åheim reduserte om lag midtvegs i 2.omgang.

Eit godt heimelag møtte god motstand i Sunnylven denne kvelden, men til tross for at Åheim hadde nokre sjansar meir enn Sunnylven så var det gjestane som var mest effektive. Laget utnytta to av sine fire-fem sjansar og forsvaret, med Daniel Støverstein i spissen, sørga for at Åheim kun fekk ei scoring.

Kampen hadde ein del småstygt spel, og før kampens dommar fekk lagt lista så kunne det utarta seg til å bli stygt. Nokre episodar vart oversett, som eit straffespark til Åheim og eit slag frå ein Åheim-spelar, men alt i alt så oppførte gjestane seg eksemplarisk med stor innsats og vilje til å vinne.

Laget:
Eirik Stenberg, Per Ove Frøysa, Daniel Nybø Støverstein, Robert Tryggestad, Henning Frøysa, Helge Tryggestad, Bård Forbord, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Eivind Louis Helset, Olav Erling Aaland, Torstein Tafjord.
Nytta innbyttar var Alf Ole Sundgot.

Dommar var Dag Harald Moldskred, Hareid IL - han delte ut to gule kort til Sunnylven og tre-fire til Åheim.

Kommentarer:
For- og etternamn
Overskrift
Kommentar
Kommentar

Skriv kort ei årsak for det

 
Kampfakta
Åheim - Sunnylven: 1-2 (0-1)
12. mai 2010 18:30
Serien

Tilskodarar: Ukjent antal

Domar: Dag Harald Moldskred, Hareid IL
Mål
Alf Ole Sundgot, 1 mål
Henning Frøysa, 1 mål
Åheim
Lagoppstilling manglar
Alle møter:
28.08.2010 Sunnylven - Åheim 3-2 (0-1)
12.05.2010 Åheim - Sunnylven 1-2 (0-1)
19.09.1998 Sunnylven - Åheim 6-1 (4-0)
24.06.1998 Åheim - Sunnylven 0-3 (0-2)
01.10.1994 Åheim - Sunnylven 2-7 (0-5)
15.05.1994 Sunnylven - Åheim 1-1 (1-0)
25.08.1993 Åheim - Sunnylven 2-5 (2-1)
03.06.1993 Sunnylven - Åheim 4-3 (0-3)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven