5.div.: Ny bortesiger for Sunnylven

Sunnylven møtte Haddal til seriekamp onsdag, og det vart gjestane som tok med alle poenga heim til Hellesylt.

Då tilhøva på Haddal stadion ikkje var optimale, så vart kampen flytta til Tjørvåg si grusbane. Sunnylven kjempa hardt og seira til slutt 3-1.

Det var Haddal som opna kampen best, og dei tok også leiinga før Sunnylven vakna og tok over banespelet. Utover omgangen fekk gjestane fleire sjansar, og til slutt fekk Alf Ole Sundgot utligna til 1-1 etter ein dødball.

Etter pause hadde Sunnylven bedre kontroll, og Haddal var kun frampå eit par gongar denne omgangen. Likevel måtte Sunnylven slite for poenga, men siste kvarteret fekk laget utteljing og Alf Ole Sundgot putta sitt andre medan Olav Erling Aaland putta årets første.

Dermed tre nye poeng på bortebane for Sunnylven, neste oppgåve er komande onsdag borte mot Åheim - eit lag som står med to sigrar på to kampar.


Laget: Eirik Stenberg, Eivind Louis Helset, Per Ove Frøysa, Robert Tryggestad, Henning Frøysa, Helge Tryggestad, Bård Forbord, Olav Erling Aaland, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Alf Ole Sundgot, Torstein Tafjord.

Nytta reservar var Kenneth-Andre Hole og Sondre Nybø Støverstein.

Oddbjørn Aam, Åmdal IL, dømde kampen og delte ut to gule kort - eit til Haddal og eit til Sunnylven sin Helge Tryggestad.

Kommentarer:
For- og etternamn
Overskrift
Kommentar
Kommentar

Skriv kort ei årsak for det

 
Kampfakta
Haddal - Sunnylven: 1-3 (1-1)
Solsida gras
5. mai 2010 18:45
Serien

Tilskodarar: Ukjent antal

Domar: Oddbjørn Aam, Åmdal IL
Mål
Alf Ole Sundgot, 2 mål
Haddal
Lagoppstilling manglar
Alle møter:
05.05.2010 Haddal - Sunnylven 1-3 (1-1)
-> []
trim og friidrett
Trimpostar i Sunnylven