Sunnylven gjesta Hovdebygda si flotte grasbane onsdag til seriekamp i 5.divisjon. Etter ein jamnspela kamp var det vertane som kunne juble for siger 1-0.
Hovdebygda scora kampen sitt einaste mål etter 12 min spel i 1.omgang. Utover omgangen hadde begge laga sjansar til å score, men pauseresultatet vart 1-0. Etter pause starte Sunnylven best og kunne utligna ved fleire høve. Etterkvart jamna spelet seg ut og sjansane kom på begge sider. Sunnylven si målvakt Eirik Stenberg redda blant anna omgangens største sjanse, eit straffespark.
Laget: Eirik Stenberg, Per Ove Frøysa, Tor Odd Kjellstadli, Asbjørn Kvam Karbø, Sondre Nybø Støverstein, Kenneth-Andre Hole, Helge Tryggestad, Olav Erling Aaland, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Andreas Fjørstad, Alf Ole Sundgot.
Nytta reservar var Henning Frøysa og Torstein Tafjord.
Kampen dommar Mevludin Ribic, VRF, delte ut eitt gult kort til Hovdebygda.



Skriv kort ei årsak for det