Sunnylven gjesta Sæbø onsdag, og kunne returnere med tre poeng etter siger 7-4 i eit målrikt oppgjer på ei god grasbane på Sæbø.
Til pause var stillinga 4-4 etter at laga bytta på å ha leiinga i kampen. Etter pause fekk Sunnylven meir tak på kampen og avgjorde med tre scoringar siste 20 minuttane. Dermed ein fortjent siger, som likevel satt langt inne, til laget fra Hellesylt.
Sunnylven sine målscorarar var Alf Ole Sundgot med tre mål, Andreas Fjørstad, Kenneth-Andre Hole, Bård Forbord og Helge Tryggestad scora dei øvriga måla.
Sunnylven stilte følgande lag:
Eirik Stenberg, Nikolas Veiberg, Tor Odd Kjellstadli, Vidar Even Leite, Kenneth-Andre Hole, Helge Tryggestad, Bård Forbord, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Olav Erling Aaland, Andreas Fjørstad og Alf Ole Sundgot.
Nytta reservar var Robert Tryggestad, Asbjørn Kvam Karbø og Sondre Nybø Støverstein.
Dommar Rolf Eldevik, Ellingsøy IL, dømte godt og trengte kun å dele ut eitt gult kort, til ein Sæbø-spelar.



Skriv kort ei årsak for det