Sunnylven avslutta vårsesongen med siger 5-2 mot Hareid 2. Målscorarar for Sunnylven var Alf Ole Sundgot (2), Torstein Tafjord (2) og Bård Forbord.
Stillinga etter ein jamnspela 1.omgang var 1-0 til Sunnylven etter ei tidleg scoring av Alf Ole Sundgot. Etter pause klarte Sunnylven å få eit visst overtak og med god uttellingg på sjansane så enda det på fem scoringar den "rette" vegen. At Hareid 2 reduserte to gongar var fortjent nok, då dei hadde fleire sjansar som kunne gitt scoring, men med både stolpetreff og strafferedning frå Eirik Stenberg så vart det med dei to reduseringane.
Laget: Eirik Stenberg, Per Ove Frøysa, Asbjørn Kvam Karbø, Robert Tryggestad, Olav Erling Aaland, Helge Tryggestad, Bård Forbord, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Andreas Fjørstad, Alf Ole Sundgot, Torstein Tafjord.
Nytta reservar var Henning Frøysa, Kenneth-Andre Hole og Sondre Nybø Støverstein.
Dommar var Per Helge Liset, Stranda IL.



Skriv kort ei årsak for det