15 år gamle Kenneth-Andre Hole vart matchvinner med si scoring tre minutt før full tid i dagens toppkamp mellom Sunnylven og Åheim. Sunnylven vant dermed 3-2 i ein jamn og spennande kamp. Bård Forbord og Alf Ole Sundgot scora dei to første for heimelaget.
Til pause leia Åheim 1-0 etter straffescoring, men Sunnylven snudde dette etter pause med to raske scoringar. Fire minutt før slutt utligna Åheim til 2-2, og dei fleste trudde på poengdeling. Slik gjekk det ikkje, for minuttet etter var Kenneth-Andre Hole på rett plass å sikra Sunnylven siger 3-2 og tre viktige poeng.
Laget: Eirik Stenberg, Per Ove Frøysa, Tor Odd Kjellstadli, Asbjørn Kvam Karbø, Robert Tryggestad, Henning Frøysa, Helge Tryggestad, Bård Forbord, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Torstein Tafjord, Alf Ole Sundgot.
Nytta reservar var Olav Erling Aaland og Kenneth-Andre Hole.
Dommar Svein Ole Sørensen, VRF, delte ut 6 gule kort til gjestane Åheim, deriblant to til samme mann som då også fekk det raude.



Skriv kort ei årsak for det