Trimtreff på Nausane søndag 25 april
Det blir også opning av ny trimpost
Søndag 25 april inviterer trimgruppa til trimtreff på Nausane. Råsa startar frå gamlevegen ved Formvac og går opp over på venstre sida av grova. Denne råsa er innteikna på det nye turkartet og har status som verdsarvrås. Den vart rydda og merka i fjor haust og går bratt oppover langs kremmergjølet til den endar opp på den gamle sætrestølen til Korsbrekkegardane, 240 m.o.h. Det vil søndag også bli opning av ny trimpost her oppe. Det blir 5 poeng å gå opp her, og den vil bli med på trimskjemaet for 2011. På trimtreffet vil det bli registrering mellom 13 og 14, og det blir trekt ut premiar kl 14:00
"Offisiell" opning av ny trimpost kl 13:30
(sjå billedserie frå dugnaden på Nausane i tidlegare artikkel 2009)
Relaterte saker
Nyaste saker


