Sunnylven fekk eitt poeng i seriepremieren borte mot Hareid 2 på Hareid si kunstgrasbane. Eit greit resultat i ein stort sett jamnspela kamp.
I første omgang var det Hareid 2 som starta best, og fekk teljande resultat alt etter 9 min etter rot i Sunnylven-forsvaret. Etter dette heva gjestane seg og var det førande laget fram til pause. Fleire gode angrep vart produsert, og midtveis i omgangen kunne Torstein Tafjord avslutte eit flott angrepp etter godt forarbeid av Henning Frøysa. Til tross for overtak fram til pause vart det ikkje fleire mål, og laga var like langt.
Etter pause var Sunnylven betre enn vertane, men den siste avgjerande pasninga var vanskeleg å få til. Laget tok likevel leiinga etter nok ei scoring av Torstein Tafjord, denne gong etter godt forarbeid og god jobb frå Bård Forbord. Hareid 2 utligna rett etter, denne gong etter bra spel - og fastsette dermed sluttresultatet til 2-2. At det ikkje vart ein vinnar i denne kampen skal to gode forsvar ha ære for, og iherdig jobbing fra fleire gjorde sitt til at det ikkje vart skapt så altfor mange sjansar i andre omgang.
Alt i alt var Sunnylven fornøgd med seriestarten og poenget dei fekk, neste sjanse er også på bortebane - onsdag 21.april mot Haddal.
Dommar var Bjarte Steinsbu, Brattvåg IL, han leia kampen på ein god måte og delte ut fire gule kort til heimelaget og eitt til Sunnylven sin Henning Frøysa.



Skriv kort ei årsak for det