Fleire flyttingar av kampar
På grunn av dei store nedbørsmengdene i det siste, som fører til veldig dårleg bane på Hellesylt, er tre kampar som skulle vore spelt på Hellesylt gras flytta til Stranda kunstgras.
Sunnylven har ei travel fotballhelg framfor seg, og med mykje regn, både no og i sikte, så må heile tre kampar flyttast til Stranda stadion, kunstgras.
Heldigvis for Sunnylven var kapasiteten på Stranda ikkje så stor denne helga så det gjekk bra å gjere flyttingane.
Dermed blir kampen i 4.div. herrer mellom Sunnylven og Åmdal spelt på Stranda laurdag kl.15.00, medan 3.div. damer spelar rett etterpå kl.17.00, mot Volda.
Søndag spelar Sunnylven G19 mot Ørskog/Skodje på Stranda kl.14.00.
Håper folk tek turen til Stranda for å støtte dei eldste laga våre i innspurten.



Skriv kort ei årsak for det