Damene med god haustsesong
Sunnylven sitt damelag i 3.divisjon har gjort det godt i haust også. Etter ein relativt svak start på hausten, så har laget no kome seg opp på 2.plass bak suverene Volda.
Volda er neste motstander for laget.
Under følger eit lite sammendrag av denne haustsesongen sett frå innsida i laget:
Korleis det har gått etter ferien:
Vi hadde vel egentlig ein ganske dårlig og slapp start på haustsesongen.
Fyrste kamp var mot Brattvåg heime, ein kamp vi var spente på sidan vi spelte ein ganske bra kamp mot dei på bortebane, bortsett frå at det vart tap. Det ville vi endre på, men kampen på heimebane endte ikkje med seier slik vi hadde håpa aller mest på. Det vart uavgjort 1-1, etter en ganske dårlig kamp som vi hadde trudd vi kom til å vinne.
Så skulle vi møte FK Sykkylven på bortebane, noko som ikkje gjekk særleg bra det heller. Det vart eit 4-2 tap, det var ikkje vår dag rett og slett.
Neste kamp var mot Åram, ein kamp vi gledde oss til ettersom dei ikkje hadde vunne ein einaste enda. På bortebane slo vi dei 1-8, og på heimebane vart det 5-1. Ein kamp vi kunne vunne mykje meir, men vi hadde heva oss frå dei to fyrste kampane og det var det viktigaste, sjølv om at vi møtte dårlegare motstand.
Etter Åram på heimebane, var det Herd-bana som stod for tur. Vi har alltid hatt uflaks på den bana, enten har veret vore elendig eller så har vi spelt dårlig og tapt. Dermed var det ikkje ein kamp vi gledde oss veldig til, etter å ha hatt uthaldstrening på skulen før kampen også. Likevel var vi klar for kamp, og ville snu uflaksen vi har hatt på Herd-bana før. Det gjorde vi, og etter ein kjempekamp vant vi til slutt 3-4, ein skikkeleg lagsiger som smakte utruleg godt!
Neste kamp var også borte, mot HaNo. Ei lang reise!! På heimebane vant vi 7-1 mot dei, men bortebane er noko heilt anna. HaNo hadde med seg fleire rutinerte spelarar som ikkje spelte på Hellesylt. Dei brukar å vere gode på heimebane, og det var dei også. Men vi var det beste laget og tok vår tredje seier på rad! Vi fekk tidlig 0-1, men så starta dramatikken. Då vi hadde spelt ein halv time fekk ei på heimelaget ein ball i magen og ho mista pusten. Ho hadde skikkelege magesmerter, i tillegg til pusteproblem. Kampen vart stoppa, ambulansehelikopter skulle kome. Det tok ein halv time før det kom, og vi hadde litt knapt med tid med tanke på ferge heim. Derfor vart begge lag og dommar enige om å stryke siste kvarteret av fyrste omgong, og starte direkte på andre. Sunnylven var best, sjølv om at HaNo pressa ei periode, gjekk ikkje ballen i mål. På slutten av kampen hadde vi kontroll, og då det var ca. fem minutt igjen scorte Kirsti sitt andre mål for dagen og kampen var kjørt. Ein herlig seier, etter ein dramatisk kamp.
Neste oppgåvene for damene er heimekamp mot Volda laurdag, før siste kamp for sesongen skal spelast borte mot Spjelkavik.



Skriv kort ei årsak for det