4.div.: Nytt tap for Sunnylven
Sunnylven sitt seniorlag for herrer er inne i ein virkelig tung periode, og sjølv om laget i dag hadde fortjent meir enn dei fekk så vart det tap 3-2 mot Hovdebygda.
Første omgang på Volda kunstgrasbane vart relativt jamnspela, og laga gjekk til pause på stillinga 1-1. Det var Hovdebygda som tok leiinga, men Helge Tryggestad utligna for Sunnylven etter eit godt angrep.
Etter pausa var det Sunnylven som var det farlegaste laget, og når Terje Haugen Øye gav gjestane leiinga 2-1 håpte nok mange på at det endelig skulle bli tre poeng for Sunnylven. Sjølv om sjansane var mange til å auke leiinga, så vart avslutninga på kampen slik den ofte kan vere for lag som slit i botnen av tabellen. Hovdebygda både utligna og scora sigersmålet i løpet av kampens siste fem minutt.
Dermed måtte Sunnylven nok ein gong sjå seg slått, og plassen i neste års 4.divisjon heng i ein tynn tråd. Likevel så er sjansane der, fire kampar igjen å spele, 12 poeng skal fordelast, håpet kan vere der fortsatt om laget tek vare på sine sjansar og får bikka kampane i sin favør.
Dei gjenståande kampane er Ørsta (H), Åmdal (H), Ørskog (H) og FK Sykkylven (B).
Laget: Daniel Jerzy Berbecki, Vidar Even Leite, Jørgen Helset, Tor Odd Kjellstadli, Robert Tryggestad, Henrik Kaminski, Jan Ove Aslaksen, Per Ove Frøysa, Helge Tryggestad, Daniel Nybø Støverstein, Terje Haugen Øye.
Nytta reservar var Andreas Fjørstad og Eivind Louis Helset.
Dommarar var Zenun Murati, Odd-Even Svindseth og Kristian Melseth.



Skriv kort ei årsak for det