4.div.: Sunnylven tapte viktig bunnkamp
Sunnylven tapte 3-0 på bortebane mot Vartdal i kveld, kampen vart spela på Ørsta si kunstgrasbane.
Sunnylven skal ut i ny kamp allereie laurdag, då mot Hovdebygda på Volda kunstgras. Den utsette kampen mot Ørsta blir spelt førstkomande tirsdag på Stranda kunstgras.
1.omgang var jamnspela, der vilja i laget absolutt var tilstades. Alle jobba godt, og gjennom gode kombinasjonar vart det skapt nokre farlege sjansar.
Etter pause fortsette Sunnylven med god innsats og vilje, men til tross for fleire angrep som kunne gitt uttelling, så vart det Vartdal som scora mot slutten av kampen.
Laget: Daniel Jerzy Berbecki, Henryk Kaminski, Jørgen Helset, Tor Odd Kjellstadli, Robert Tryggestad, Helge Tryggestad, Per Ove Frøysa, Jan Ove Aslaksen, Daniel Nybø Støverstein, Terje Haugen Øye, Alf Ole Sundgot.
Nytta reservar var Andreas Fjørstad og Vidar Even Leite.
I denne kampen var det Jan Ove Aslaksen, Helge Tryggestad og Tor Odd Kjellstadli som var dei spelarane som framheva seg ekstra.
Ny sjanse for poeng er laurdag, også på bortebane, også mot ein kollega i feil ende av tabellen - Hovdebygda. Kampen blir spela på kunstgrasbana til Volda kl.16.00.



Skriv kort ei årsak for det