Juniorlaget i gang
Etter kun tre fellestreningar, så spelte G19-laget til Sunnylven treningskamp mot Stranda junior. Kampen som vart spela på Stranda stadion endte uavgjort, 3-3.
G19-spelarane til Sunnylven har denne vinteren hatt tilbod om å trene ilag med seniorlaget. Dette har enkelte gjort, medan andre har prioritert vinteridrett i denne perioden.
Til no har laget hatt tre fellestreningar, og mandag spelte laget treningskamp mot Stranda. Sjølv om kanskje det mangla litt på pasningskvaliteten, så tok spelarane igjen det på innsatsen.
Kampen endte uavgjort 3-3, etter at Stranda leia 1-0 til pause. Etter pause auka Stranda til 2-0 før Daniel Nybø Støverstein reduserte med scoring etter corner. Vertane fekk igjen ei tomålsleiing før ein sterk sluttspurt, med to mål siste 10 min, redda 3-3 for Sunnylven. Ole Hjalmar Bonsaksen reduserte til 3-2, før Torstein Tafjord utligna minuttet etter.
Laget: Eirik Stenberg, Ole Hjalmar Bonsaksen, Emil Moltu Staurset, Asbjørn Kvam Karbø, Sondre Nybø Støverstein, Håkon Hovland, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Daniel Nybø Støverstein, Per Ove Frøysa, Torstein Tafjord, Henning Frøysa.
Reservar: Lars Jørgen Hole, Hans Jørgen Fivelstad, Olav Erling Aaland.
Dommar var Per Helge Liset, Stranda IL.



Skriv kort ei årsak for det